Ein morropost

November 5th, 2008

Wergeland var diktar. Til dels.
Tenkte det var på tide å spamme epostkontoen min.

Derfor lagar me på kjeften.net dikt saman!
Leiken er enkel:

Eg startar med ei verselinje.
Deretter diktar du neste, og ventar til nokon andre har svart før du får verse igjen.

Eg startar med følgjande linje, og de fortsett etterpå:

Svar føregår i kommentarfeltet

Bilen går og går og går.

Endelig fri!

November 4th, 2008

Johnny var også gal.
Eg er fri! Eg kan bevege meg fritt, uten angsten! Eg treng ikkje lenger være redd for pengane mine! Stemmene i hovduet er vekke! Ingen tikkande bomber frå posten, ingen fleire skumle fakturaer!

Eg er meldt ut av bokklubben!

Litterært oppkast

November 4th, 2008

Vyrde lesarar, eg har skrivesperre. De tenkjer vel at som nytilsett skribent burde eg ha uhorvelege mengder tekst å spy ut. Det tenkte i alle fall eg at eg skulle ha.
Read the rest of this entry »

Apropos overta verda

October 29th, 2008

Som hærskaren av ivrige lesarar kanskje har fått med seg er det overordna målet til kjeften.net sjølvsagt verdsherredømme. Me har vel kanskje aldri uttrykt dette i klartekst nokon gong, men det seier seg jo sjølv at me må ha nokre ambisjonar for det me driv med. Verdsherredømme er ein god startambisjon, ein ambisjon som både har historiske røter frå byar som Roma og Berlin, men som samstundes er tidlaust og dermed like aktuelt i dag. I samband med verdsherredømmeambisjonen har me no teke eit stort steg på vegen.

Read the rest of this entry »

Haustdepresjon

October 28th, 2008

Lesaren vår slit med haustdepresjon. Som resultat av det har ho sendt oss eit lite lesarinnlegg.

Av Linn Astrid

Haustdepresjon

Eg må innrømme at eg blei rimelig skuffa i dag. I går og, forsåvidt. Og kanskje litt dagen før. Det er nemleg slik at eg syns kjeften.net er eit artig innslag ein elles kald og regntung haustkveld, gleda var difor stor når både Daniel og Joakim starta med det eg vil klassifisere som tung reklamering for kjeften.net. Noko eg tolka som “hey, me har nytt stoff her altså! Les og le”. But, no. Her er jo bare to små, nye innlegg som eg allereie har lest (og kommentert?) pluss masse gamle greier som jo er artige, men utdaterte. Dette på toppen av min frustrasjon overfor Team Trafikk og deira mangel på struktur gjorde meg inspirert til å skrive følgjande:

I Trondheim er det haust,
det er trist og traust
med buss som ikkje vil gå,
eller ikkje slepp meg på.

Eg treng eit lys,
til å varme meg, eg frys
på hovudet og beina,
kjenner meg heilt åleina.

Nye innlegg på kjeften.net
hadde rett og slett
gjort meg lukkeleg,
for då ler eg.

Diverre er det slik
at ein må oppleve svik.
Men kanskje det blir fiksa på?
Det hadde vore framifrå.

NattCUP 2008

October 24th, 2008

No har eg gjort det igjen. “Jada, klart det, Jan Ove, eg kan være med å lage nattcup!”. Dette sa eg for eit år sidan. Så sa eg det igjen for eit halvt år sidan. Så sa eg det i sommar når eg kom heim fra militæret.

Read the rest of this entry »

Svømmebasseng

October 21st, 2008

Hei igjen alle saman! Lenge sidan sist! Eg anar ikkje kva Joakim har gjort, men no er altså sida oppe igjen, menneske fryd deg!

Og kva er vel då meir naturleg enn å snakka om flyhavari? Ganske mykje, vil kanskje nokon sei, og dei har sannsynlegvis rett. Derfor skal eg snakka om svømmebasseng i staden.

Read the rest of this entry »

Me er tilbake, igjen!

October 21st, 2008

Eg trudde me var daude for godt. Endo værre trudde eg at alt me hadde laga oppover tidene ville forsvinne den dagen eg sette meg ned for å ordne det. Men nei, eg tok feil.  Eg klarte jaggu å fikse det. Så no er me glade.

Dette vert feira saman med ein kar som er hes.

YouTube Preview Image

I shot the sheriff

August 17th, 2008

But I swear it was in selfdefence.

Av og til, eller mer eller mindre alt for ofte, sitter jeg igjen med det inntrykk av at en person som har sagt, skrevet eller sunget noe burde være belønnet med frihet. Med det mener jeg selvfølgelig et velplassert nakkeskudd. I løpet av 36 harde og vonde arbeidstimer denne helgen har jeg fått en del tid sammen med radioen og har kommet frem til litt ulike ting.

Read the rest of this entry »

Cool town, evening in the city!

August 14th, 2008

The Lovin’ Spoonful sin Summer in the City, framført av Joe Cocker! Eit siste desperat forsøk på å bygga opp bittelitt sommarfølelse, endo me befinner oss skremmande longt ute i august. Nær halvegs, faktisk. Finværet forsvant for litt sidan, og no er det berre grått og kaldt ute. Nesten. Men eg satsar på at det kjem seg neste veke. Då startar skulane for fullt igjen, og eg har friveke! Herlig.

YouTube Preview Image

Superkrefter

August 12th, 2008

I USA har dei stort militære, i Russland er presidenten The Vladminator og i Kina kan dei kontrollere været. Men det er ingenting, for i Saudi Arabia kan dei gjere burnouts med trøsykkel!

YouTube Preview Image

Kjeften.net revisited!

August 11th, 2008

For å lette arbeidet til meg og Daniel har eg no lagt inn ein kjekk liten plugin som gjer at me kan syne videoar på sida vår. Då slepp me å skriva så mykje.

Vi feirar med ein video.

YouTube Preview Image