Thor De France

May 24th, 2009

Sensasjonsnyheter

April 26th, 2009

Skjermskudd fra Tidenes Krav

Følgjande overskrift og ingress var å finne i avisa Tidenes Krav i dag. Sensasjonen her er vel strengt talt ikkje alderen, for snarare er det virkelig viktig å legge vekt på er at både mor og dotter er satt til verda gjennom jomfrufødsel! Altså utan at det har vært ein einaste mann inne i bildet.

Til informasjon

April 1st, 2009

Kjære lesar. Eller Linda, Linn Astrid og Joachim om dåke vil gjer det personleg.

Sidan eg og Daniel etter jul har hatt ein enormt liten produktivitet, har dette ført til fråde rundt munnen til enkelte av lesarane våre. Ja, nokre av lesarane våre har tilogmed gått så langt som å sende oss skriftlige klager munnleg!

Problemet her er at verken eg eller Daniel har TID til å setje saman dei fantastiske artiklane de likar så enormt godt, og det vert derfor så lite av. Daniel er nemleg opptatt med å studere eit eller anna sjukt studie ingen kan navnet på, vi veit berre at han lærer forskjellen på korleis grekarane og egyptarane misshandla borna sine for nokre tusen år sidan. Medan eg er svært opptatt når eg annankvar mandag er nødt til å heva dagpengar.

Eg ser difor ikkje bort i frå at det vert stor jubel når eg opplyser om at Eg og Daniel i forrige veke sette oss ned for å skrive. Historia skulle bli den beste noken gong publisert på Kjeften.net. Og etter mange, mange, mange timars arbeid var verket klart for publisering.

I ettertid har eg og Daniel angra på at me sendte verket til Dagbladet sitt redaksjonslokale istadenfor vår eiga side. Hovudpersonen i historia vår, familiefaren Josef, vart på langt nær framstilt som den trivelege personen me såg for oss då me skreiv.

Framsteg og tilbakesteg på allfarveg

March 9th, 2009

Hurra for teknologien som stadig går framover - og to skritt tilbake.
Read the rest of this entry »

Gryteklar

December 24th, 2008

“Kan eg hjelpa deg med noko?” sa han.
“Ja, eg treng nokre gryter” sa ho.
“Dei har me her,” sa han,
“i kjøkkenseksjonen. Kom!”

Ho vart med han.

“Alle” sa ho, “eg tek alle”.
“Skal du ha dei kvar for seg?” sa han.

“Nei, har du sett?” sa ho.

Galaksesangen

December 21st, 2008

Husk desse faktaene om universet.

Alfabetet

December 20th, 2008

“Kan du alfabetet?” sa han.
“Trur ikkje det” sa ho.
“Jo kom igjen,” sa han,
“alle kan vel alfabetet. Prøv!”

Ho prøvde, frå A og utover.

“…X, Y” sa ho, “Æ, Ø, Å”.
“Du manglar ein bokstav” sa han.

“Ja, har du Z?” sa ho.

Frukt

December 13th, 2008

“Likar du frukt?” sa han.
“Trur ikkje det” sa ho.
“Jo kom igjen,” sa han,
“alle likar vel frukt. Smak!”

Ho smakte.

“Kva er det?” sa ho.
“Det er augeeplet mitt” sa han.

“Nei, har du sett!” sa ho.

Ekschmamen

December 5th, 2008

Det er eksamenstid og lesevegringa slår inn for fullt. Sidan eg burde brukt tida mi på lesing har eg laga ei liste over ting som er meir interessante enn pensum.
Read the rest of this entry »

Au!

November 24th, 2008

Dette klippet følte eg egentlig berre måtte delast med resten av verden. Ryktene seier at spelaren måtte operere nasen ut av vetlehjernen.

I samme slengen vil eg også publisere eit dikt Johannes Heien har skrive til oss.

Dirring,
Lys,
Ein nerveimpuls skyt fart,
forente muskler trekk seg saman om eit felles mål.
Kommunikasjon blir til kaffi.

Språkproblematikk

November 24th, 2008

I dag fekk eg eksamensoppgåva mi i faget MUSV2019 Afrika: musikk, kultur og historie. Eg må innrømme at eg har vore nysgjerrig på om oppgåve ville foreligge på både bokmål og nynorsk. Eigentleg har eg vel antatt at den ikkje ville gjere det og førebudd meg på ein lang og vond klageprosess…
Read the rest of this entry »

Ein morropost

November 5th, 2008

Wergeland var diktar. Til dels.
Tenkte det var på tide å spamme epostkontoen min.

Derfor lagar me på kjeften.net dikt saman!
Leiken er enkel:

Eg startar med ei verselinje.
Deretter diktar du neste, og ventar til nokon andre har svart før du får verse igjen.

Eg startar med følgjande linje, og de fortsett etterpå:

Svar føregår i kommentarfeltet

Bilen går og går og går.