Archive for the ‘Linn Astrid (gjesteskribent)’ Category

Ein god nummer to

Friday, June 19th, 2009

Står i mørket og famlar i fryseboksen.
Tenkjer at no må du snart bli voksen
Det går ikkje lenger på autopilot
Når lyset er gått og innhaldet rot

På leit etter bær og vaniljeis.
Jo, is finn eg i massevis!
Berre synd den er av det smaklause slaget
Eg ligg an til stryk i fryseboksfaget.

Eg finn ein firkanta boks til slutt
og tenkjer “det var i rette minutt!”.
Men i boksen var det berre sopp
og eg kjenner at eg snart gjer opp.

Ja, så gav eg opp og lukka loket.
Irriterte meg over fryseboksbråket.
Men plutseleg så hugsar eg jo,
at is og bær ligg i boks nummer to.

Framsteg og tilbakesteg på allfarveg

Monday, March 9th, 2009

Hurra for teknologien som stadig går framover - og to skritt tilbake.
(more…)

Ekschmamen

Friday, December 5th, 2008

Det er eksamenstid og lesevegringa slår inn for fullt. Sidan eg burde brukt tida mi på lesing har eg laga ei liste over ting som er meir interessante enn pensum.
(more…)

Språkproblematikk

Monday, November 24th, 2008

I dag fekk eg eksamensoppgåva mi i faget MUSV2019 Afrika: musikk, kultur og historie. Eg må innrømme at eg har vore nysgjerrig på om oppgåve ville foreligge på både bokmål og nynorsk. Eigentleg har eg vel antatt at den ikkje ville gjere det og førebudd meg på ein lang og vond klageprosess…
(more…)

Litterært oppkast

Tuesday, November 4th, 2008

Vyrde lesarar, eg har skrivesperre. De tenkjer vel at som nytilsett skribent burde eg ha uhorvelege mengder tekst å spy ut. Det tenkte i alle fall eg at eg skulle ha.
(more…)