Archive for the ‘Daniel’ Category

Godt nyttår og gratulerer med dagen!

Sunday, December 31st, 2006

Dei fleste som orka å lese overskrifta, forstod nok kvifor eg skreiv “Godt nyttår” (det er jo 31. desember i dag, duh). Men kvifor “gratulerer med dagen”? Her i Kvinnherad er det ikkje berre det nye året som vert feira denne siste kvelden i året. Her er det nemleg bursdagsfest.

(more…)

Julekalender: Reisebrev frå overalt

Friday, December 1st, 2006

Velkommen til vårt fantastiske julekalendereventyr! Me kan ikkje garantera at me oppdaterer kvar dag, for det er ikkje sikkert at me finn internett overalt (som jo er vårt reisemål). Me skriv heim til dykk i ei reisedagbok, og du vil alltid finna det nyaste innlegget nedst.

(more…)

Julekalender: På reis igjen!

Friday, November 17th, 2006

Det kriblar i reiseføtene. Det er lenge sidan me var på reis sist, så no vil me ut på tur igjen. Me veit ikkje meir enn avreise- og ankomstdato, og derfor henvender me oss til deg kjære lesar. Me treng di hjelp.

(more…)

Ei trist historie frå røynda

Thursday, November 2nd, 2006

Breathe, breathe in the air

Om du trur du skal få lesa noko morosamt no, så får du tru om igjen. Dette er ikkje anna enn ei hjarteskjærande historie som faktisk har hendt. No nettopp.

(more…)

Møt Ole, nødrimets venn

Sunday, October 29th, 2006

Ein dag kom lille Ole inn og sa:
“Mamma, eg fant et lik i hagen!”
Mora sa til Ole: “Da va bra du sa!
Tenk, han har visst logge heile dagen!”

(more…)

Vår ferie i Kongo

Monday, October 9th, 2006

Hei og hopp!

Mange har sikkert lurt på kva for noko lurt me gjorde på i haustferien vår. Det er eigentleg litt rart at Joakim ikkje har skrive det enno, for han var heilt i ekstase over bileta han tok og blomane han fann. Me reiste nemlig saman til Kongo, eit spanande land med eit fantastisk dyre- og planteliv.

(more…)

Forklaring

Thursday, September 28th, 2006

Det Joakim eigentleg meiner med sin forrige post, er at han sletta innlegget mitt mot min vilje (endå det var både sakleg og velskrive).

Etter å ha vore i kontakt med fleire kjelder veit eg enno ikkje kvifor, men fleire har mistanke om at det kan vera fordi han er tøff på internett. Når Joakim ikkje er inne for å vera tøff på internett, brukar han all si tid på å vatna, stella og snakka med blomar. (Ryktene seier at han også snikfotograferer dei, og at han har ei heil samling nakenbilete av blomar på rommet sitt. Nokre av dei skal til og med vera tekne med blitz.)

Åh…

Thursday, September 28th, 2006

…eg komme seriøst te å slita med å ikkje skriva “kjeften” kvar gong Joakim poste et innlegg.