Apropos overta verda
Wednesday, October 29th, 2008Som hærskaren av ivrige lesarar kanskje har fått med seg er det overordna målet til kjeften.net sjølvsagt verdsherredømme. Me har vel kanskje aldri uttrykt dette i klartekst nokon gong, men det seier seg jo sjølv at me må ha nokre ambisjonar for det me driv med. Verdsherredømme er ein god startambisjon, ein ambisjon som både har historiske røter frå byar som Roma og Berlin, men som samstundes er tidlaust og dermed like aktuelt i dag. I samband med verdsherredømmeambisjonen har me no teke eit stort steg på vegen.