Archive for the ‘Daniel’ Category

If life gives you AIDS

Wednesday, September 1st, 2010

make lemon-AIDS.

Då lillebror kom ut av skapet

Saturday, March 20th, 2010

Og mora ville heller dø
“Det har du ikkje fått av meg!
Slikt noko kjem av miljø!
Det kan’kje vera arveleg!”

Og søstra såg på han med angst
At hennar bror var ein av dei?
Ho nekta for at broren fanst
og ville aldri sjå han meir

Og bestefar tok livet sitt
det var som venta, eigentleg
Han fekk ein gravstein i granitt
og under snudde han på seg

Og faren såg på han i frykt
Sei, korleis kunne dette skje?
Dette var då altfor stygt
sa pappa mellom tårene:

“Ein homo kan eg leva med…”
han fatta ikkje sonens svik
tok hammaren, slo sonen ned
“…men buekorps? Over mitt lik!”

Det er kjærleik i lufta

Sunday, February 14th, 2010

Kjære lesar! Det er dagen for kjærleik og romantikk, men viss du ikkje er ute og pådrar deg kyssesjuka kan kanskje denne filmen laga av Arne og Tore vera noko for deg:

Ha ein fortsatt fin dag!

Pang

Wednesday, January 6th, 2010

Tida skundar seg forbi
Kvar vart det gamle året av?
Brått kom me til tjueti,
men ein drog til ein annan stad:

Han som ikkje høyrde på
alle dei på tv som
kom med fyrverkeriråd;
Bjartmar, han var stygg og dum.

For utan vanleg folkevett
men med stø hand, så bygde han
ein heilt enorm pinnerakett
med plass i til ein vaksen mann.

Så sette Bjartmar hjelmen på
og steig inn i sin konstruksjon.
Ein kunne høyra klokka slå
då han steig fort med presisjon

mot månen, det var Bjartmars flik
av håp, hans mål, hans storvisjon!
Men pinnerakettar er slik
at deira mål er eksplosjon.

Der under han i stjerneskinn
kom dagslys frå hans store stjerne.
Då, mellom rosa barnekinn
steig smil i lyset frå det fjerne.

Statusoppdatering

Thursday, December 31st, 2009

Så var altså 2009 over. Det er eigentleg ganske greitt, eg gler meg i alle fall til det 2010 har å by på. Sidan me sjeldan skriv noko som helst på denne sida, og det me skriv sjeldan gjev meining, er det kanskje vanskeleg for lesarane å vita kva me driv med for tida. Det endrar seg no. Lat oss ta eit overblikk på kva som har skjedd i år, samt sjå på nokre spådommar for neste år.

(more…)

Søtt

Friday, November 6th, 2009

Heisann, hels på Fluffy
Ei rosa, mjuk kanin
som hoppar heile dagen lang
med pels av sukkerspinn

Langs sukkervegen luktar
alt fint og søtt og godt
Men Fluffy spreier ulukt han
så ler han ganske rått

Og no er folket lei seg
for Fluffy er så slem
Så folket lyser han i bann
Om kvelden bålet brenn

No er det slutt på Fluffy
Det søte døyr i kveld
Ja, sukkerpelsen står i brann
Det luktar karamell

Live frå #adkeynote!

Friday, August 28th, 2009

OBS: ADKEYNOTE ER OVER. TRYKK “LES MEIR” UNDER FOR Å LESA VÅRT REFERAT MINUTT FOR MINUTT

Kjeften.net har fått eit kort, men eksklusivt intervju med Arne-Daniel Haldorsen, mannen bak dei store nyhetene i kveld.

- Eg er svært nøgd med dei nye produkta me har lansert her i kveld, seier ein sliten, men glad Haldorsen. På tross av ein del intriger internt har ein jobba hardt og målbevisst mot denne kvelden forsikrar han oss. Den største utfordringa har nok vore å halda det heile hemmeleg seier Haldorsen og referer nok til at over halve målgruppa for produkta var med på å betatesta det. - Sjansane for at nokre av betatestarane skulle røpa litt for mykje har sjølvsagt vore der, og difor har me passa på dei begge to, seier han og smiler.

Haldorsen er ein travel mann, og måtte forta seg vidare. Kanskje han skulle levera tilbake ein tv-serie han hadde lånt og hatt kontroll på gjennom Eu? Det er berre å sjekka Glemmeboka, så finn han det ut!

Kjeften.net seier takk for no, og takk til alle som var med oss. For ein fantastisk kveld!

(more…)

Kjeften representert på #adkeynote!

Friday, August 28th, 2009

Banebrytande nyhende, kjære fans! Eg har fått innpass hos Arne-Daniel på sjølvaste Arnes Keynote! Ingen veit kva som vil skje, men at det vert stort er det ingen tvil om!

Kjeften.net vil rapportera om alt det spennande som skjer utover kvelden i Kong Oscars Gate 13, så spenn deg fast (ja, spenn deg fast i sofaen) og følg med!

Ein fantastisk dag for Gregor

Sunday, August 9th, 2009

Det var ein stor dag for vesle Gregor. Heilt sidan den dagen for nokre månader sidan då han kasta seg utfor verandaen (dei andre ungane sa han skulle ta livet sitt, men eigentleg falt han ned ved eit uhell fordi han var så klumsete av seg - dette heldt han sjølvsagt fint kjeft om overfor dei andre ungane), heilt sidan då hadde han gleda seg til dette. Det var den store dagen. Han skulle delta i handycupen.

(more…)

Tenk litt utanfor boksen

Saturday, June 13th, 2009

Står i mørket og famlar i fryseboksen.
Tenkjer “det var synd at han ikkje vart voksen”
Kroppen vert synleg og bada i lys
Han ser opp frå boksen, men eg trur’kje han frys

Trur eg skal ha meg ein iskald skulder
Saga glir gjennom med brak og bulder
Det var ikkje lett å handtera kolossen
så eg sparte parteringa til han var frossen.

Eg finn noko bløtt og dreg det opp.
Æsj, tenk at Joakim hadde sopp!
Immun mot dårlege levekår
har han busett seg rundt venstre lår.

Eg gjev opp og lukkar loket.
Klarar’kje tenkja i dette bråket.
Joakim er visst meldt sakna no,
Så no bråkar lensmannen frå boks nummer to.

Gryteklar

Wednesday, December 24th, 2008

“Kan eg hjelpa deg med noko?” sa han.
“Ja, eg treng nokre gryter” sa ho.
“Dei har me her,” sa han,
“i kjøkkenseksjonen. Kom!”

Ho vart med han.

“Alle” sa ho, “eg tek alle”.
“Skal du ha dei kvar for seg?” sa han.

“Nei, har du sett?” sa ho.

Alfabetet

Saturday, December 20th, 2008

“Kan du alfabetet?” sa han.
“Trur ikkje det” sa ho.
“Jo kom igjen,” sa han,
“alle kan vel alfabetet. Prøv!”

Ho prøvde, frå A og utover.

“…X, Y” sa ho, “Æ, Ø, Å”.
“Du manglar ein bokstav” sa han.

“Ja, har du Z?” sa ho.