Ny her?

Kjære nye lesar. Framfor deg har du ei magisk reise gjennom litterære landskap som overgår dine villaste fantasiar. Det er høge toppar av lattermild glede og djupe dalar av sørgmodig og tankefull melankoli. Kanskje lærer du noko også, og kanskje vil du sjå kvardagen med nye augo etter dette. Kanskje ikkje.

Men før du plukkar opp romanen som ligg og ventar på deg ein stad der ute håpar me du finn glede i å lesa litt her på kjeften.net. Sjå på det som pauseunderhaldning medan du ventar på opplevinga som skal endra livet ditt.

God tur!

Med venleg helsing (frå venstre)
Joakim og Daniel