Då lillebror kom ut av skapet
Saturday, March 20th, 2010Og mora ville heller dø
“Det har du ikkje fått av meg!
Slikt noko kjem av miljø!
Det kan’kje vera arveleg!”
Og søstra såg på han med angst
At hennar bror var ein av dei?
Ho nekta for at broren fanst
og ville aldri sjå han meir
Og bestefar tok livet sitt
det var som venta, eigentleg
Han fekk ein gravstein i granitt
og under snudde han på seg
Og faren såg på han i frykt
Sei, korleis kunne dette skje?
Dette var då altfor stygt
sa pappa mellom tårene:
“Ein homo kan eg leva med…”
han fatta ikkje sonens svik
tok hammaren, slo sonen ned
“…men buekorps? Over mitt lik!”