Pang
Tida skundar seg forbi
Kvar vart det gamle året av?
Brått kom me til tjueti,
men ein drog til ein annan stad:
Han som ikkje høyrde på
alle dei på tv som
kom med fyrverkeriråd;
Bjartmar, han var stygg og dum.
For utan vanleg folkevett
men med stø hand, så bygde han
ein heilt enorm pinnerakett
med plass i til ein vaksen mann.
Så sette Bjartmar hjelmen på
og steig inn i sin konstruksjon.
Ein kunne høyra klokka slå
då han steig fort med presisjon
mot månen, det var Bjartmars flik
av håp, hans mål, hans storvisjon!
Men pinnerakettar er slik
at deira mål er eksplosjon.
Der under han i stjerneskinn
kom dagslys frå hans store stjerne.
Då, mellom rosa barnekinn
steig smil i lyset frå det fjerne.