Statusoppdatering

Så var altså 2009 over. Det er eigentleg ganske greitt, eg gler meg i alle fall til det 2010 har å by på. Sidan me sjeldan skriv noko som helst på denne sida, og det me skriv sjeldan gjev meining, er det kanskje vanskeleg for lesarane å vita kva me driv med for tida. Det endrar seg no. Lat oss ta eit overblikk på kva som har skjedd i år, samt sjå på nokre spådommar for neste år.

Våren 09
Eg sluttar på film og tv, bestemmer meg for å byrja på nordisk og melder meg derfor opp i spansk. Det vert eit utruleg artig halvår fagmessig.

Joakim jobbar på Søral til han plutseleg ikkje jobbar på Søral meir fordi Søral sluttar med å ha jobb til han. Samstundes arbeider han med sin store draum, å overvinna naturen. Eg snakkar sjølvsagt om kloningsprosjektet han har halde gåande eit par år no, der den store visjonen er å skapa så mange kopiar av seg sjølv at dei kan bemanna alle stillingane på Dr. Munk og Capri samstundes. Dermed vil Joakim få all tipsen og (svært) sakte men sikkert verta steinrik og leva eit liv i sus og dus med bollar, brus og tranebærjuice.

Nobelkomiteen bestemmer seg omtrent på denne tida for at det hadde vore hyggjeleg å få verdas nye kjendis på besøk, men det er det foreløpig berre Gud som veit. Han straffar Noreg kollektivt med skjærselden ved å la Alexander Rybak vinna Melodi Grand Prix, slik at me må sjå forelesaren min sitt favorittprogram i staden for å sjå fotball-VM.

Sommaren 09
Eg dreg frivillig til Bømlo for å leika med småungar og kjem levande frå det.

Joakim gjev opp kloningsprosjektet og går for første gong på mange år ut i dagslys. Han sit rett nok framleis inne i ein bil, men det er då framgang. Lite anar han at steget ut i verda skulle resultera i at nettopp bilen vert bytta ut få månader seinare. Ved sida av han i passasjersetet sit nemleg brått ei jente kalla Elisabeth.

Gud manipulerer hitlistene i Noreg slik at folk trur Alexander Rybak er populær, sjølv om ingen anar kven som faktisk kjøper skiten. Låta hans vert spelt på radioen så mykje at fela til Rybak vert utslitt, og han må kjøpa ny.

Hausten 09
Sidan våren var så kjekk byrjar eg å studera religionsvitskap. Det er svært lærerikt, mellom anna veit eg no kva eg skal ropa ut før eg sprengjer meg i lufta om eg skulle ønskja å verta muslimsk sjølvmordsbombar ein gong.

Joakim gjer bergensar av seg. I hybelen sin har han ein svær TV med surroundanlegg som han har på lån frå husverten, så han kan sjå filmar når han får besøk av folk som har slept seg opp den lange bratte bakken opp til huset hans. Han har og to sofaar, ein sofa han kan sovna på medan han ser film og ein han har sett på høgkant for syns skuld. Det er ein kunstinstallasjon.

Inspirert av sommarjobben min tek Joakim opp att kloningsprosjektet, men prøver denne gongen å spela på lag med naturen i staden for å overvinna den. Det vert ein suksess, og med familie på veg vert den obligatoriske 13-meters stasjonsvogna kjøpt inn. Pjokken får i det minste beinplass.

Alexander Rybak annonserer at 2010 “blir hans år” under sin store konsert på nyttårsafta, der ingen har kjøpt billett, men innsatte frå fengsel i heile Noreg vert tvungne til å møta opp og tenkja over alt det gale dei har gjort. Etter å ha covra “Last Christmas” og “Lean on Me” vert “Fairytale” framført av eit orkester på seks hundre og sekstifem mann med sure fiolinar samt Rybak sjølv. Rett før den obligatoriske moduleringa byrjar Rybak å steppa med… klovane?

…og heilt, heilt til slutt i år vert altså Joakim 21 år. Gratulerer!

Våren 10
Eg skriv bacheloroppgåve om den nye religiøse vekkjingsrørsla i Noreg. Oppgåva “The Fairytale that became a nightmare” får i utgangspunktet god karakter, men det nye Meiningskontrolldepartementet godkjenner ikkje oppgåva. Eg forsvinn, men kopiar av oppgåva mi sirkulerer på nettet og i utanlandske media.

Joakim vert brått ingeniør og tilsett av staten for å konstruera eit monument over den nye presidenten som skal kunna sjåast frå Storbritannia i klårvêr. Bilen bryt saman, og mekanikarane seier dei må amputera ein meter om bilen skal overleva. Den er no berre 12 meter og fungerer fint fysisk men slit psykisk med mindreverdighetskompleks.

Alexander Rybak har no fått horn og overtek raskt statsmakta i Noreg ved hjelp av sin hær av tidlegare innsatte. Dagbladet lagar ein “hjemme hos”-reportasje hos Rybak kvar dag og VG skriv ikkje lenger “Nå kommer sola!” men “Nå kommer varmen:(”.

Sommaren 10
Det går rykte om at eg er observert på Bømlo, men ingenting er sikkert.

Joakim og Elisabeth gleder seg over at Maximilian Fjodor Eusebius Strüdelnüdel Fleten Espevik er fødd. Dei ekstra 20 kronene frå tipskrukka har aldri vore så nære som no.

Alexander Rybak sitt skrekkregime tek all sendetid i media. Fairytale er Noreg sin nye nasjonalsong. Magne Fitjar kjøper CD-en, fordi no som alle andre verkeleg synst at tida der Rybak kunne vera litt sjarmerande for lengst er forbi synst Fitjar at “den er jo litt fengande, den songen med fiolinane”.

Hausten 10
Eg dukkar på mystisk vis opp i Nederland, ei av dei få øyene av motstand som er att i Europa. Eg er no erklært “folkefiende” i Noreg. Sidan eg først er i Nederland kan eg like gjerne ta nokre fag og få pengar frå Erasmus.

Joakim og Elisabeth er no søkkrike grunna ingeniørverksemd og tips på Capri, og flyttar til Alexopolis, den nye hovudstaden. Her kombinerer dei sine kunnskapar og løyser verdas matvareproblem ved å klona fisk.

Vårt Lands Elskede Ufeilbarlige President Alexander Rybak (fvmh) mottek Nobels Fredspris fordi Thorbjørn Jagland likar så godt fiolin, og meiner det ville vore utmerka taffelmusikk under nobelprismiddagen.

Då er du altså oppdatert og klar for det nye året. Me i kjeften.net ønskjer dykk alle til lukke med 2010, og i tilfelle me ikkje oppdaterer så ofte så får de ha det bra i 2011 også. Når/om den tid kjem.

RSS 2.0 | Trackback | Comment

One Response to “Statusoppdatering”

  1. Detta må eg bare lika! Genialt.

Leave a Reply

XHTML: You can use these tags: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>