Live frå #adkeynote!
OBS: ADKEYNOTE ER OVER. TRYKK “LES MEIR” UNDER FOR Å LESA VÅRT REFERAT MINUTT FOR MINUTT
Kjeften.net har fått eit kort, men eksklusivt intervju med Arne-Daniel Haldorsen, mannen bak dei store nyhetene i kveld.
- Eg er svært nøgd med dei nye produkta me har lansert her i kveld, seier ein sliten, men glad Haldorsen. På tross av ein del intriger internt har ein jobba hardt og målbevisst mot denne kvelden forsikrar han oss. Den største utfordringa har nok vore å halda det heile hemmeleg seier Haldorsen og referer nok til at over halve målgruppa for produkta var med på å betatesta det. - Sjansane for at nokre av betatestarane skulle røpa litt for mykje har sjølvsagt vore der, og difor har me passa på dei begge to, seier han og smiler.
Haldorsen er ein travel mann, og måtte forta seg vidare. Kanskje han skulle levera tilbake ein tv-serie han hadde lånt og hatt kontroll på gjennom Eu? Det er berre å sjekka Glemmeboka, så finn han det ut!
Kjeften.net seier takk for no, og takk til alle som var med oss. For ein fantastisk kveld!
22:42
Adkeynote er over for denne gong, og for ein fest det har vore! kjeften.net kjem snart att med eit intervju med helten bak prosjektet, Arne-Daniel Haldorsen.
22:39
Glemmeboka vert også lansert i dag!
(Det står “Få Glemmeboka i dag - tilgjengelig for alle i dette rommet)
22:34
“Glemmeboka” er lansert. Denne appen kan ein bruka for å hugsa kva folk skuldar deg, kva du skuldar andre, kva folk låner av deg og kva du har lånt av andre. Genialt!
22:30
Wow! Det er meir! For ein kveld!
(Det står “En ting til”)
22:25
Eu vert lansert umiddelbart! Jubel i salen. Serieorganiseringsapp er stikkordet Arne-Daniel brukar frå no av, så det er vel det den vil bli kalla i framtida. Teamet takkar alle betatestarane nok ein gong.
(Det står Få Eu i dag - tilgjengelig for alle i dette rommet)
22:22
Det ser ut som om det ikkje var heilt over likevel. No er det pauseinnslag, og bandet Arne speler ukulele.
22:15
“Eu”, applikasjonen for iPhone var nok den store nyheten her i kveld. Keynote ser ut til å nærma seg slutten, og alle set ut til å ha ein fantastisk kveld. Me har fått eit eksklusivt intervju med skaparane av Eu, teamet bak haldorsen.me. Intervjuet vil bli gjennomført straks keynote er ferdig!
22:09
Arne-Daniel og haldorsen.me lanserer “Eu”, en iPhone-app som organiserer filmsnuttar og tv-seriar! Publikum er i ekstase!
(Det står Eu)
22:05
Showet er igang! Nyhende om haldorsen.me er, som ryktebørsen sa, det det handlar om i kveld. Dei har mellom anna EVIG fleire betatestarar på sida!
22:03
Skulle ha starta no! Arna-Daniel har enno ikkje entra scenen, og kvar gong musikken stoppar kjem det ein ny song. Tekniske problem eller?
21:58
Like før Arne-Daniels keynote er i gang no! Kva vil me få sjå i kveld mon tru? Første bilete!
(Det står velkommen).




