Ein fantastisk dag for Gregor

Det var ein stor dag for vesle Gregor. Heilt sidan den dagen for nokre månader sidan då han kasta seg utfor verandaen (dei andre ungane sa han skulle ta livet sitt, men eigentleg falt han ned ved eit uhell fordi han var så klumsete av seg - dette heldt han sjølvsagt fint kjeft om overfor dei andre ungane), heilt sidan då hadde han gleda seg til dette. Det var den store dagen. Han skulle delta i handycupen.

Gregor vakna lenge før han måtte, men prøvde å sova litt til fordi han visste han måtte vera utkvilt, det hadde stått svart på kvitt på påmeldingsslippen: “Gå hjem og legg deg”. Han hadde allereie mista mykje søvn i natt, for spøkelset hadde vore her igjen, han hadde høyrt skrapinga på veggen, stemma som sa “soooolprillaaaaahhh”. Spøkelset var ein høgst reell del av nabolaget, det budde i det første huset i gata medan Gregor budde i det femte. Av og til tok spøkelset turen innom for å leita etter solbrillene sine, og Gregor var litt irritert for at det hendte også i natt.

Han spratt opp av senga så snart vekkjarklokka ringte, skjønt spratt er kanskje å ta litt hardt i, gipsa som han var. “HERREGUD!” ropte han og hinka så fort han kunne ut på badet. “I dag skal eg vinna, HERREGUD!”

“Ehhh… Æ må på dooo…” kom det frå utanfor baderomsdøra, det var litlesøstera Kristina. Ingen i familien snakka trøderdialekt utanom Kristina, men ho hadde bestemt seg for å gjera det slik at ho kunne bli mest mogeleg lik Celine, hennar store idol. “HERREGUD!” svara Gregor, “vent litt!”. Så drog han buksa opp til akkurat litt under ræva og gjekk ut. Han likte ikkje å ha buksa på seg, men tok den på sidan dei vaksne sa det var nødvendig. Han droppa underbukse i protest.

Vel framme på arenaen fekk han startnummer og gjorde seg klar. Gregor skulle delta i det som hadde vorte den store folkesporten denne sommaren, nemleg perling. Det var mange andre deltakarar i Handycupen, deltakarar frå heile verda. Gregor lo litt for seg sjølv då han høyrde at den eine deltakaren frå Thailand heitte Dagsekk, og lurte litt på korleis han skulle sei “God dag” til han.

Alt var klart for konkurranse no. Det var mange som var med på å arrangera, og dei vart presenterte. Konkurransen gjekk nemleg ut på å perla namnet til ein av dei så fint ein kunne. Gregor lurte litt på kven han skulle velgja, men han var sikker på at han ikkje skulle velgja han som heitte Ken. Han hadde nemleg høyrt Ken sei stygge ting om deltakarane då han gjekk forbi vinduet hans, så han likte ikkje han så godt.

Konkurransen var igang, men Gregor sleit. “HERREGUD” tenkte han, det var vanskeleg å finna ut kva for nokre fargar han skulle bruke, og han ante framleis ikkje kva for eit namn han skulle velgja. Det hjalp heller ikkje at ein som heitte Arve spytta perler på han heile tida og at ei som heitte Tina (som stadig sa “Duuuuu?”) dytta i han og fylte øyrene hans med tomprat om kva for nokre kvardagslege aktivitetar faren hennar dreiv med, informasjon han strengt tatt ikkje følte han trengte på noverande tidspunkt.

Plutseleg fekk Gregor ein genial idé. “HERREGUD, den eine leiaren heiter Mikkel, det betyr at han ER Michael Jackson!”. Han tok risken, perla Michael Jackson i rosa og kvitt og leverte inn sitt bidrag.

Gregor sin plan var perfekt. Han vann det heile (”HERREGUD!”), og premien var ein Nintendo DS og ein stein som såg ut som han måtte vera av ekte gull. “Ååå, jeg vil OGSÅ ha en DS!” høyrde han ein deltakar som heitte Anders utbryta, “det er urettferdig at han får spille DS og ikke jeg!”. Gregor brydde seg ikkje, men tok med seg premiane sine heim i staden.

Vel heime satte Gregor seg på toalettet og betrakta premiane sine, men plutseleg mista han gullsteinen sin i do. Han byrja å hyle og skrike så mykje at den tyske leigebuaren Christian som budde i kjellaren kom opp for å sjå kva som hadde skjedd. “Har do mista güllen din i dåen?” sa han på relativt god norsk. “Det skal ek fiksa, ja!”. Christian reiv av seg t-skjorta, og Gregor tenkte for seg sjølv at Christian godt kunne gå med bar overkropp litt oftare. “Se ka ek fant,” ropte Christian, “et par sålprillar!”

“De er sikker mine!” sa spøkelset, han hadde brått tatt turen innom. “Det var bra at du fant dem, da slipper jeg å kvele dere om natten!”. Alle var einige i at dette var ein god ting, så for å feire gjekk alle saman på badeklubb. Gregor var nøgd - det hadde vore ein fantastisk dag, og han smilte då han gjekk heim og la seg.

4 Responses to “Ein fantastisk dag for Gregor”

  1. Ingvild Riana Says:

    Fantstisk Daniel :)

  2. Josefine Says:

    :) Haha! Utolig bra!

    Bortsett fra den delen hvor han reiv av seg t-skjorta.. syntes kanskje det blei litt drøyt.

  3. Gunhild Moss Says:

    haha, veldig bra. Du er merkelig du, Daniel :p

  4. Ingvild Riana Says:

    Ehm Josefine, eg trur da va et hint t dg, den fine komentaren du hadde t vaktmesteren :P kanskje :P

Leave a Reply