Archive for June, 2009

Ein god nummer to

Friday, June 19th, 2009

Står i mørket og famlar i fryseboksen.
Tenkjer at no må du snart bli voksen
Det går ikkje lenger på autopilot
Når lyset er gått og innhaldet rot

På leit etter bær og vaniljeis.
Jo, is finn eg i massevis!
Berre synd den er av det smaklause slaget
Eg ligg an til stryk i fryseboksfaget.

Eg finn ein firkanta boks til slutt
og tenkjer “det var i rette minutt!”.
Men i boksen var det berre sopp
og eg kjenner at eg snart gjer opp.

Ja, så gav eg opp og lukka loket.
Irriterte meg over fryseboksbråket.
Men plutseleg så hugsar eg jo,
at is og bær ligg i boks nummer to.

Tenk litt utanfor boksen

Saturday, June 13th, 2009

Står i mørket og famlar i fryseboksen.
Tenkjer “det var synd at han ikkje vart voksen”
Kroppen vert synleg og bada i lys
Han ser opp frå boksen, men eg trur’kje han frys

Trur eg skal ha meg ein iskald skulder
Saga glir gjennom med brak og bulder
Det var ikkje lett å handtera kolossen
så eg sparte parteringa til han var frossen.

Eg finn noko bløtt og dreg det opp.
Æsj, tenk at Joakim hadde sopp!
Immun mot dårlege levekår
har han busett seg rundt venstre lår.

Eg gjev opp og lukkar loket.
Klarar’kje tenkja i dette bråket.
Joakim er visst meldt sakna no,
Så no bråkar lensmannen frå boks nummer to.

Frysebokspanikk

Tuesday, June 9th, 2009

Står i mørket og famlar i fryseboksen.
Tenkjer at den gong då eg vert voksen
Skal eg læra meg å tenna lyse’.
Så mykje eg veit ka som ligge nedi der og fryse.

Sku ha meg ein grandiosa
men såg ingenting.
Kom opp med ei stor, orange blåsa.
Eg va blind.

Tok tak i noko bløtt og drog da opp,
kjente at detta va nok ein form for sopp.
Tenkte at den måtte ha umulige levekår,
men soppen visste råd i frysaren vår.

Eg gav opp, smallt igjen loket.
tenkte at
Kafaen e nå detta bråket?
Da va då eg såg han, han humra og lo.
Og eg byrja å leita.
I fryseboks nr 2.