Framsteg og tilbakesteg på allfarveg

Hurra for teknologien som stadig går framover - og to skritt tilbake.

1. Lydkortet mitt vil ikkje. Sjølvsagt no, når eg treng det for å førebu meg til viktige saker, så finn det ut at det skal slutte å samarbeide. Einaste lyden som ser ut til å vere intakt er USB-lyden.

2. Mobiltelefonen min vil ikkje. Sjølvsagt no, når eg treng den til å få tak i folk, samle folk og informere folk om viktige saker, så finn den ut at den skal slutte å samarbeide. Nettverk? Nei, det vil den ikkje ha. Sende ut meldingar? Joda, det kan den gjer, eller, nei, den berre latar som.

Som den lyrikaren eg er, har eg sjølvsagt laga eit dikt om elendigheita:

Teknologi
sluppen fri
ein parodi,
bedrageri.

Kan og nemne at bankortet mitt ikkje vil, men det er kanskje meir forståeleg.

Vyrdsamt,
Linn Astrid

One Response to “Framsteg og tilbakesteg på allfarveg”

  1. Joachim Says:

    Melankoli
    når teknologi
    er, så og si
    ikke feilfri.

    Liker du kli?

Leave a Reply