Ekschmamen

Det er eksamenstid og lesevegringa slår inn for fullt. Sidan eg burde brukt tida mi på lesing har eg laga ei liste over ting som er meir interessante enn pensum.

- nettaviser (i ekstreme tilfeller av lesevegring kanskje til og med VG-nett)
- mail
- facebook
- It’s learning
- forskning.no (det kan jo hende det står noko meir eller mindre relevant der…)
- http://icanhascheezburger.com/
- youtube

Alle overnemnte er, som du kanskje ser, pc-baserte distraksjonsmoment og kan følgjeleg unngås ved å pakke pc’en vekk. Diverre er ikkje det ei særskildt god løysing, med mindre du sit på glattcelle.

Ting som er meir interessante enn pensum, men ikkje pc-krevjande:

- rydding
- støvsuging
- kaffikoking
- mat
- mat
- TV
- pensumlitteratur i andre fag, gjerne fag ein er ferdig med
- planlegging av nyttårsfeiring
- sjå ut av vinduet
- mat

Fem dagar igjen til juleferie!

3 Responses to “Ekschmamen”

  1. Daniel Says:

    Du kunne jo berre valgt eit studium der du fekk juleferie allereie 27. november. Det gjorde eg. Anbefalt!

  2. Henrik Says:

    Burde du ikkje ta med spel også? (både med og utan PC)

  3. Bård Ivar Says:

    Daniel, jeg og har veldig lyst å få status som gjesteskribent….:D

Leave a Reply