Språkproblematikk

I dag fekk eg eksamensoppgåva mi i faget MUSV2019 Afrika: musikk, kultur og historie. Eg må innrømme at eg har vore nysgjerrig på om oppgåve ville foreligge på både bokmål og nynorsk. Eigentleg har eg vel antatt at den ikkje ville gjere det og førebudd meg på ein lang og vond klageprosess…

“Jøss.” Var min første reaksjon då eg henta oppgåva hjå studentservice. Etter å ha lest gjennom ein gong må eg rett og slett le. Høgt. Der står nemleg følgjande: “1. Drøft Kofi Agawus postkoloniale perspektiv på Afrikansk musikk.” (bokmål, altså) og “1. Grei ut om Kofi Agawu sitt postkoloniale perspektiv på Afrikansk musikk.” (nynorsk).

I mi røynd så er “drøft” og “grei ut om” to veldig ulike omgrep. Spørsmålet er om eg skal ta det som ei personleg fornærming: er ikkje eg som nynorskbrukar intelligent nok til å kunne drøfte? Eller betyr det enkelt og greit at forelesaren min er dum? Eg er ikkje heilt sikker på kva som er verst.

Vyrdsamt,
Linn Astrid

2 Responses to “Språkproblematikk”

  1. Natalia Says:

    hei. skal ha akkurat samme oppgave. har du kanskje lyst til å prate litt om den? kanskje vi kan utveksle meninger om populærmusikk i Afrika. hilsen Natalia

  2. Linn Astrid Says:

    Jøss? Har ein lesar av kjeften.net samme fag som meg? Festlig. Men har du valt oppgåve 1 eller 2? Eg skriv nemleg nr 2 og har då ikkje så mykje å sei om populærmusikken spesielt.

Leave a Reply