Litterært oppkast

Vyrde lesarar, eg har skrivesperre. De tenkjer vel at som nytilsett skribent burde eg ha uhorvelege mengder tekst å spy ut. Det tenkte i alle fall eg at eg skulle ha.

Fenomenet “skrivesperre” er jo relativt kjent. For uopplyste kan eg informere om at skrivesperre er forårsaka av at ei større mengd ord har knota seg saman i hovudet og, som namnet tilseier, sperrer for kommunikasjon vidare i systemet. Resultatet er blanke ark og ubrukte fargestiftar.

Men, vyrde lesarar, eg har funne løysinga. Eg sat nemlig på ex.fax.-forelesing og høyrde på Mahavishnu Orchestra og The Beatles då det slo meg. Ganske logisk var det og. Når ein har overskot av eit eller anna er det gjerne naturleg å kvitte seg med ei passeleg mengde av det aktuelle (dersom det ikkje er noko ein ønskjer å ha uhorvelege mengder av). Så det skal eg gjere no. Kvitte meg med ei passande mengde ord og håpe på knuten løyser seg og orda igjen kan strøyme fritt mellom hovud og fargestift.

Redningsvest. Banan. Albatross. Mandag. Pannekake. Skruhjern. Appelsinjuice. Opp-ned. Patriot. Dust. Dust. Hoppetau. Pleieplan. Gusj. Bokklubb. Tur. Sti. Ko-ko. Fire. Ild. Oppkok. Vaskebrett. Steinway. Harelabb. Svømmebasseng. Karikatur. Tilleggsfunksjon. Telekommunikasjonsleverandør. Nyhetsbrevsidioti. Oppleggssøm. Vekselstrøm.

Sånn.

Ha ein fortsatt fin (sett inn namnet på dagen du les dette, til dømes tirsdag).

6 Responses to “Litterært oppkast”

  1. Mia Julie Says:

    Taktetømming (Makalaus meiningslaus lapskaus):

    Biljardbord
    Måke
    Salat
    Kosteskaft
    Nepe
    Grantre
    Likkiste
    Nips
    Yste
    Sikkel
    Skinn
    Pinnsvin

  2. Joakim Says:

    Mellomkjøtt

  3. Daniel Says:

    Hahaha, mellomkjøtt.

    Eikenøtt.

  4. Kent Bent Chilly Billy Says:

    Kvifor har du med ordet to gonger? Tenkte du først på meg, og så på Joakim?

    Snerk er forresten eit fint ord, som kan brukast til mykje:)

  5. Kent Bent Chilly Billy Says:

    Kor vart “Dust” av? det skulle stå etter 5. ordet i 1. linje

  6. Linn Astrid Says:

    Eg hadde allered brukt det opp.

Leave a Reply