Apropos overta verda

Som hærskaren av ivrige lesarar kanskje har fått med seg er det overordna målet til kjeften.net sjølvsagt verdsherredømme. Me har vel kanskje aldri uttrykt dette i klartekst nokon gong, men det seier seg jo sjølv at me må ha nokre ambisjonar for det me driv med. Verdsherredømme er ein god startambisjon, ein ambisjon som både har historiske røter frå byar som Roma og Berlin, men som samstundes er tidlaust og dermed like aktuelt i dag. I samband med verdsherredømmeambisjonen har me no teke eit stort steg på vegen.

Etter at propagandaministeriet fekk seg eit solid hjelpemiddel i youtube-plugin i sommar var det fryd og ekstase i imperiet. Likevel oppdaga me at me ikkje nådde ut til så mange nye lettpåverkelege fjols folk som me ønskja. Det har vore spekulert mykje i kva som kan vera grunnen til dette, serverproblem har fått skulda av mange. Me trur eigentleg ikkje det var det største problemet, for innad i redaksjonen vert det hevda at det sannsynlegvis ikkje ville vorte oppdatert i denne perioden uansett.

Og det er her nyvinninga kjem inn. Sidan eg og Joakim ikkje gidd eller orkar å sløsa tid har det veldig travelt for tida har me teke inn Linn Astrid på laget slik at ho kan skriva litt når det passar ho.

Litt om Linn:
- Jente
- Trønderaktig
- Bur i ei campingvogn bak Nidarosdomen
- Syns DDE er verdas beste band
- Sivilstatus: Singel, men rykter går om eit forhold til ei dokke av Bjarne Brøndbo som ho har laga sjølv av ting ho fann i naturen.

Me vonar de kan ta godt imot vår nye gjesteskribent!

4 Responses to “Apropos overta verda”

  1. Joakim Says:

    Velkommen, Linn. Me forventer mykje gode Linnlegg frå di side.

    Hoho, der fekk eg brukt han på internett også!
    :D

  2. Kristin Says:

    Så planen e at Linn øvetek kjeften.no, og så verden…?

  3. Daniel Says:

    Nei nei. Når me har overtatt må ho fint finna seg i å vaska og laga mat som resten av kvinnene.

  4. Kent Bent Chilly Billy Says:

    Herrejemini!!!

    Ska to raudskallar (i ordets verste betydning) overta verda? UHØRT!! Og det hjelp ikkje at de har med ein av modellane til Hitlers propagandaplakater på laget.
    Eg byr opp til Duell!Tre-kamp! Greinene er; Mojito-mixing, Gold Strike-drikking og konkurranse i komplisert legg/ankelbrudd. Som nokre av leserane kanskje veit, så er jo eg ubestritt Kvinnheradsmeister(kanskje verdas også) i desse greinene. Så alle som velger å trekke seg, er hjarteleg velkomne. Høghastighets latterkuler, med påfølgene peiking vil bli gitt til alle 5. Kolonister!!

Leave a Reply