Haustdepresjon

Lesaren vår slit med haustdepresjon. Som resultat av det har ho sendt oss eit lite lesarinnlegg.

Av Linn Astrid

Haustdepresjon

Eg må innrømme at eg blei rimelig skuffa i dag. I går og, forsåvidt. Og kanskje litt dagen før. Det er nemleg slik at eg syns kjeften.net er eit artig innslag ein elles kald og regntung haustkveld, gleda var difor stor når både Daniel og Joakim starta med det eg vil klassifisere som tung reklamering for kjeften.net. Noko eg tolka som “hey, me har nytt stoff her altså! Les og le”. But, no. Her er jo bare to små, nye innlegg som eg allereie har lest (og kommentert?) pluss masse gamle greier som jo er artige, men utdaterte. Dette på toppen av min frustrasjon overfor Team Trafikk og deira mangel på struktur gjorde meg inspirert til å skrive følgjande:

I Trondheim er det haust,
det er trist og traust
med buss som ikkje vil gå,
eller ikkje slepp meg på.

Eg treng eit lys,
til å varme meg, eg frys
på hovudet og beina,
kjenner meg heilt åleina.

Nye innlegg på kjeften.net
hadde rett og slett
gjort meg lukkeleg,
for då ler eg.

Diverre er det slik
at ein må oppleve svik.
Men kanskje det blir fiksa på?
Det hadde vore framifrå.

6 Responses to “Haustdepresjon”

  1. Daniel Says:

    Du må huska at ein av hovudoppgåvene til kjeften.net er å aldri oppdatera. Denne oppgåva tek me svært seriøst.

    Har me eigentleg nokon gong oppdatert jamnleg?

  2. Joakim Says:

    Me prøvde jula 2006, minns eg. Det dabba litt av etter kvart som første helga i advent kom over oss.

  3. Daniel Says:

    Det dabba litt av etter to innlegg.

  4. Linn Astrid Says:

    Problemet er jo ikkje at dåke oppdatere sjelden, men at den plutselig reklameringa siste veka gav inntrykk av at trenden var snudd.

  5. Daniel Says:

    Me har då alltid reklamert. Sida har berre ikkje eksistert på ei stund.

  6. Joakim Says:

    Joda, ho har bare ikkje fungert.

Leave a Reply