NattCUP 2008

No har eg gjort det igjen. “Jada, klart det, Jan Ove, eg kan være med å lage nattcup!”. Dette sa eg for eit år sidan. Så sa eg det igjen for eit halvt år sidan. Så sa eg det i sommar når eg kom heim fra militæret.

Så i morgon er det nattcup. Og i tradisjon tru er me alt for seint ute med det meste. Ekstremtværet den siste veka, der me her opplevd horisontale regnbyger og generell motbakke gjer at  me framleis ikkje har fått produsert den siste og viktigaste filmen for å gjere nattcupen komplett. Fakkelstaffeten, sjølvsagt.

Sjølvsagt kunne eg produsert denne for 2 veker sidan, då det var strålande vær. Men då hadde eg jo god tid. Kunne ta det neste veke. Så reiste et til Trondheim førre veke. Og så vart det brått notid, og eg var like langt.

Så i kveld, kjær værgudar, har eg eit dikt til dåke:

Regn og drit
eg ve’kje ha da hit
Da kan gå vekk og vær
og heller fukta Henningsvær

Ja, ta med dei store grå og dra
dra lang, langt her i fra
For å plagaga nokon andre karar
som kanskje har god tid med sine planar.

Forøvrig ein stor takk til Linn Astrid, som har fått meg te å innsjå at Rockettothesky kanskje e litt bra. Spessielt denna:
Rockettothesky - Grizzly Man

2 Responses to “NattCUP 2008”

  1. Linn Astrid Says:

    Joakim, hurra!
    Endelig har du skjønt da,
    at jentevokal kan vera bra!
    Haha!

  2. Daniel Says:

    Jenter og gutar er like bra
    begge er flinke, dei vil og dei kan!
    Vokalisten av hokjønn, deg vil me ha!
    (men klart det er finast om du syng som ein mann)

Leave a Reply