Svømmebasseng

Hei igjen alle saman! Lenge sidan sist! Eg anar ikkje kva Joakim har gjort, men no er altså sida oppe igjen, menneske fryd deg!

Og kva er vel då meir naturleg enn å snakka om flyhavari? Ganske mykje, vil kanskje nokon sei, og dei har sannsynlegvis rett. Derfor skal eg snakka om svømmebasseng i staden.

Ah, svømmebasseng. Overdimensjonerte firkanta skåler som menneske kan dyppa kroppen i. Kjempebaljar der folk kan svømma fram og tilbake og lata som om dei er i sjøen. Rett nok ein sjø som er innandørs og aldri så lite forureinsa med giftstoff som klorgass, men likevel. Svømmebasseng.

Eg har no flytta til Bergen, der eg får lønn av staten for å jobba som student, men stort sett berre nyttar meg av tittelen. Eit eksempel på det er at eg brukar tida mi på lesesalen på å skriva innlegg på kjeften.net. Uansett. Svømmebasseng.

Her i Bergen har dei eit eige senter for slaskar som meg. I staden for å gi dette senteret treffande namn som ”Senter for luft og dårleg arealutnytting” eller ”Samlingspunkt for studentar som ønskjer å bli kvitt pengane sine litt fortare” har dei gått for det litt kortare og meir keisame namnet ”Studentsenteret”. Fiffig.

Til poenget. Svømmebasseng, det er ein av tinga ein kan finna i studentsenteret. Formulert på ein annan måte: Det er ein av tinga du finn i studentsenteret, med mindre du er blind, og det er du ikkje, for du les kjeften.net. (Her kan ein kanskje argumentera med at ingen les kjeften.net, og at ettersom me berre har lesarar i teorien kan desse like gjerne vera blinde, men det får me diskutera ein annan gong).

Ein finn altså svømmebassenget med ein gong ein kjem til studentsenteret. Kvifor? Jo, fordi det einaste som skil bassenget og menneska som er i det frå menneska som ikkje er i det er ein tynn vegg av materialet glas. Dette finn eg litt frustrerande.

Kvifor? Jo, fordi om eg skal arbeida med ei oppgåve så set eg meg gjerne ned ved eit bord som står nær den nemnde glasveggen. Det er i praksis det same som å ikkje arbeida med oppgåva, for ein blir så distrahert av alt ein ser der inne, bak veggen.

Og det er ikkje som du sikkert trur, at det er fordi det er så mykje fint å sjå på der inne, snarare omvendt. Har du nokon gong sett eit naturprogram om kval? Har du nokon gong prøvd å sjå det mens du skal skriva oppgåve? Måten dei buktar seg i vatnet, skvalpar og veltar seg over bølgjene. Den auka flaten si oppdrift som kompenserar for massen som dreg dei nedover. Dei enorme kreftene som vert sette i sving i det ein av dei bryt overflata, nærast svevar ein liten augneblink før dei slepp seg med valdsam kraft mot overflata som i ein brøkdel av eit sekund nærast ligg blikkstille og ventar på samanstøtet for så å eksplodera i eit kaos av kraftige, kaotiske krefter… der finn du min fascinasjon. Så kan pensum heller venta litt til.

4 Responses to “Svømmebasseng”

  1. Joakim Says:

    :—-D

  2. Gunhild Moss Says:

    hehe ;)

    Dåke har forresten ein lesar.

  3. Katja Says:

    =)

    Eller i alle fall to.

  4. noob_18 Says:

    hehehe…..fårkje håpa da va meg du såg der ine:P:P
    hehe brae kar du daniell:P

Leave a Reply