Oisann

From: Daniel Fitjar (dcfitjar alfakrøll msn punktum com)
Sent: Mon 4/28/08 12:44 AM
To:  Elisabeth Croles (mammasinmail@online.no); Magne Fitjar (pappasinmail@online.no)
Subject: Ei lita bøn

Vyrde foreldre.

Det er med tungt hjarta at eg no må setja meg ned og skriva heim. For sjølv om det alltid er koseleg å høyra nytt frå familien, dei næraste, så hender det at dei beskjedane som vert sende inneheld triste og vonde bodskapar.

Det var med stort mot eg la ut på reisa mi for tre månadar sidan. Eg var full av forventningar, sekken var full av klede og ikkje minst - kontoen min var full av pengar.

Mykje har endra seg sidan den gong.

Kanskje tenkte eg ikkje langt nok. “Men det er jo så billig - eg tek to!” var ikkje ein uvanleg setning å høyra frå mine kantar. Kontoen var full, sola skein og humøret var godt. Ein ende som den eg har nådd no var heilt utenkjeleg den gong.

Men no sit eg altså her, kontoen tom, realitetane har innhenta meg. Eg sit med skjegget, dei duna eg har, i postkassa. To veker gjenstår av reisa, berre sytti kroner står igjen på konto. Den delen eg har igjen - til Antigua, Tikal, Belize City, Livingston og tilbake igjen til Antigua - vert sannsynlegvis den absolutt dyraste perioden av heile reisa mi. Dårleg planleggjing.

Og no, kjære foreldre. skjønar de kanskje kvar eg vil hen. Eg ønskjer eit lån på om lag 5000 kr frå dykk - vonar det lar seg ordna, og at de kjem fram til ei løysing i fellesskap.

***PAUSEUNDERHALDNING! MEDAN DU TEK AVGJERDSLA, TENK GJERNE PÅ DESSE ØYEBLIKKA!***
- Daniel vert fødd! På sjukehuset vil han ikkje sova, han studerer alt rundt seg! For ein søt, sjarmerande unge! -
- Daniel tek sine første steg! Dette skjer i Nederland, og du og du så koselege feriane var der, ikkje sant? -
- Daniel kommenterer bomber i Bombay! “Av og til må ein venta å få ei bombe i hovudet!” Hahaha, for nokre gullkorn den guten kunne koma med! Er han ikkje sjarmerande kanskje?
***PAUSESLUTT***

No vil eg berre få sagt at eg har ein strålande avtale med Statens Lånekasse. Avtalen går ut på at eg drar til Guatemala og dei låner meg pengar til det. Problemet er at eg ikkje får neste utbetaling før 15. mai, altså medan eg sit på flyet heim. Det er jo litt seint. Derimot garanterer det at de får pengane tilbake allereie etter ein periode på litt over to veker. Eg treng rett og slett eit forskudd på studielånet.

I tillegg vil eg leggja til at eg skal brenna i skjærselden på elkjøp i litt over ein månad etter at eg kjem heim. Då lærer nok guten å tena pengane sine sjølv, så han slepp å tigga. Ha gjerne den tanken i bakhovudet om det gjer avgjerdsla lettare.

Så, set deg ned og tenk nøye gjennom situasjonen. Ta gjerne ein telefon til den andre mottakaren av denne mailen, og kom fram til ei løysing i ro og mak. Når de så har eit svar send det så fort de berre maktar tilbake til dykkar stakkarslege son som lever på kjeks på motsett side av jordkloten.

Med von om ei betre framtid for folk i u-land (meg),

Daniel

One Response to “Oisann”

  1. Nora Says:

    FANTASTISK! Jeg elsker både teksten og deg ;)

Leave a Reply