Kvinna og deira manipulative forsøk på å gjere verda tidlaus.

Fyllepreik og tullball, tenker du. Men innerst inne veit du det. Kvinna er, trass i deira skjønnhet og store nytte i prinsippet om formeiring, denondaste formane for liv me treff på jorda.

Og av dei siste påkomma til kvinnene, er no oppgåva om å gjere verda meir eller mindre tidlaus den som vert lagt aller mest vekt på. Dette kan verke sjølvmotsigande i og for seg med tanke på den evige runddansen moten gjer. Kvitt no, svart då. Kort her, langt der. Og ikkje minst store hattar og rare sko her og der.

Men kvinna er lei. Tida har gått dei til hjernen, og dei orkar ikkje lenger å fylle opp skapet sitt med klær som dagen etterpå er av moten. Kva anna enn å gjere verda tidlaus kan då være løysinga?

Planen er i og for seg genial, og ikkje ufarlig å vite om. Tidlegare kjennarar til planen, eit ytterst fåtall mennesker, har vorte likvidert på dei grusomaste måtar. Når eg kjenner historia til dei tidlegare ekspertane innan emnet kan det difor være eit regelrett harakiri eg utsett meg sjølv for, men med lovnad frå Kvinnherad lensmannskontor om beskytting opp til to timar i månaden publiserer eg det no.

Kva, ein så voldsom konsekvens som å gjere verda tidlaus nå da væra utruleg vanskeleg å utføre utan at nokon merkar det, undrar du deg gjerne. Men gløym ikkje at kvinnene er like utspekulerte som dei er onde. Kva anna enn nettopp moten har dei teke til hjelp for å destruere tideininga i det moderne samfunn? Eg let bileta tale for seg sjølv.

Farlege tider

«Unnskyld, kva er klokka?»
«Tja… Ein stad mellom 10 og 2…»

Underteikna har også høyrt om klokker heilt utan tall. Vær obs!

3 Responses to “Kvinna og deira manipulative forsøk på å gjere verda tidlaus.”

  1. Silje Therese Says:

    Eg har ei klokka uten tall :D

  2. Joakim Says:

    Sjølvsagt har du det. Sjølvsagt.

  3. Nora Says:

    Jeg kjøpte to av det slaget i India og begge sluttet å gå. De er nok forheksa.

Leave a Reply