Utdrag frå reisedagboka

Når me reiser rundt i dette landet gjer me det utstyrt med ei lita blå bok me fekk utdelt på Sund. Denne bruker me som dagbok for å hugsa ting som kan vera verdt å hugsa til me for eksempel skal skriva keisame rapportar. Denne boka har eg blitt svært glad i, for av og til blir det litt mykje daudtid. Då rablar eg som regel ned noko i boka mi, og litt av det tenkte eg å dela med dykk her. Så lat er eg at eg kopierer meg sjølv.

California, 25.02.08
Observasjonar:
- I natt høyrde eg musene. Eg vakna og såg halen til ei av dei hang ned mot ansiktet mitt. Eg må bruka øyreproppar om nettene for å ikkje vakna.
- Finca California har straum, men ikkje nok til å lada ein mobiltelefon.
- For nokre dagar sidan fekk Julie sin familie dører. Golv neste?
- Dei ekle fuglane må dø. Ekle-fuglane ser ekle ut, lagar ekle gutterale lydar og drit på golvet inne.
- Eg kan ikkje vaska glede, men eg er god på å skrapa hol.
- Liverpool FC må ha vore her. “You’ll never walk alone”. Umuleg å skifta.

Dikt:
Eg sit her i hengekøya mi
Tida berre sneglar seg forbi
Om nokre timar er det leggetid
Eg mislikar sterkt drittungen i nabohuset som berre er ute etter å irritera folk og som verkeleg får det til “Como te llamas?” Han har nok ADHD.
Broren hans er hyggeleg.

California, 29.02.08
- I dag passa me kyr. Eg hata det, Julie syns det var ok.
- Eg er seriøst lei ekle-fuglane.

Ting eg ikkje forstår på Quiche:
- Korleis ein stavar Quiche.
- Orda.

Dyr eg kjem til å sakna når eg drar frå California:
Hønene, myggen, kyrne, kakerlakkane, musene, anda, ekle-fuglane, nesten alle hundane, den nye valpen.

Liste over småungar som IKKJE ropar “gringo” når me køyrer forbi i pickup:
- Guten som kalte meg “gringa”.

Xela, 03.03.08
EIN HYLLEST TIL BØNNENE I MITT LIV
Du, bønna som eg har så kjær
ver tunga mi og ganen nær
Gjer vatnet svart, gjer smaken bra
så ser eg klårt, så vert eg glad!
O, Kaffi! Du min beste venn!
Skyll gjennom munnen min igjen!
La dei som skjendar deg få svi
Nei, hald deg svart og sukkerfri!

Så har me bønne nummer to
og den er nesten like god
Ja, smaken er som søt musikk
Som sommarsol, små gledesstikk
Sjokoladen, frydefull
Verdt kvart gram i ekte gull
Smelt på tunga mi i dag
fyll meg med ditt velbehag!

Prøv desse to min kjære venn
og ta eit steg mot himmelen

EPCK, 10.03.08
Mange trur at
dei skriv
dikt berre

dei har
nok

linjeskift

SNIKKAREN
Det låg lik overalt. Han kjende ein frysning i det det knaste då han kgjekk lenger inn i rommet. - han kunne ikkje unngå å tråkka midt i blodbadet for å koma seg fram. Han stussa litt over ubehaget, han hadde tross alt drept før, drept svært mange. Kanskje var det det at dei hadde kome så overraskande på han, han venta dei ikkje der, ikkje enno. Kanskje var det det at dei var fleire enn han hadde førebudd seg på.

Han la det bak seg, iskaldt. Dette hadde han gjort før, han kunne takla det, han måtte takla det. På ein stol midt i rommet som no såg ut som ei slagmark sette han seg, der han nettopp hadde endt livet til så mange at han sjølv ikkje hadde oversikt over talet sat han no roleg og slurpa av ein kopp varm kaffi. Det var ein vane han hadde lagt seg til. Uansett kva for ein jobb han fekk gjekk han ikkje uten ein termos han kunne slappa av med etter utført arbeid.

Svært få kjende namnet hans, for dei fleste gjekk han ganske enkelt som Snikkaren, eit namn han hadde tileigna seg for sitt lag med enkelt verktøy. Han foretrakk å gjera jobbane sine med ein hammar - eit enkelt verktøy som brukt på rett måte kunne utretta svært mykje, og Snikkaren kunne verkeleg bruka han. Namnet kom verkeleg til sin rett dei gongene han tok med seg heile verktøyskrinet - han handterte både sag og skrujern med stor kyndighet, men hammaren var altså favoritten. Det var den han hadde drept med i dag.

Lyden av ein bil i oppkjørselen. Pokker, tenkte Snikkaren. sette frå seg koppen og skritta fort over kroppane og bort til vinduet. Pokker, han sa det no halvhøgt for seg sjølv i det han fekk bekrefte det han eigentleg alt visste: Huseigaren var på veg ut av bilen sin og Snikaren sto på kjøkkenet hans, framleis med lik på lik rundt seg på kjøkkengolvet. Det var ikkje behov for mykje tenkjing for å koma fram til at huseigaren nok ikkje ville setja pris på synet som snart ville møta han. Null tid til opprydding, Snikkaren bøyde seg raskt ned og greip hammaren. Han stålsette seg. Han var klar.

Då huseigaren kom inn i huset small det. For eit syn! Det svimla for han, han mista posane han hadde i hendene og famla etter dørkarmen. Snikkaren sat på kne i det eine hjørnet av kjøkkenet. Han sat med ryggen mot døra, men no snudde han hovudet og såg på mannen i døra. Beklager sølet, sa han med uberørt stemme, det er alltid hardt å sjå dette første gongen. Snikkaren studerte mannen i døra, som ikkje sa eit ord, han var berre forferda, trudde ikkje dette kunne skje, ikkje her, ikkje med han. Snikkaren løfta hammaren roleg utan å sleppa mannen med blikket. Så snudde han seg og banka lett på golvbelegget der kjøleskapet hadde stått. Det gjekk hol. Det var herifrå mauren kom, sa han, det er diverre verre enn eg trudde, eg må nok riva opp heile golvet. Huseigaren dumpa ned i ein stol.

EPCK, 11.03.08
- Eg er sjølvsagt den einaste som har lopper i senga. Heilårs drar i morgon, trur eg tar Julie si seng.
- Tok nettopp malariatablettane. Viss eg var superhelt ville det å hugsa dei vore evna mi. Eg ville hatt oransje trikot med ein mygg på brystet med raud strek over og eg ville hatt ein ekte hjerne på hovudet.

EPCK, 12.03.08
BILLA KARL
Billa Karl er trist og lei
Han har det ikkje lett
For ungane tok skalet hans
i bruk som akebrett

Og no har Karl blitt trøytt og kald
for snøen lavar ned
Og beina sviktar han til slutt
i fonna finn han fred

Til slutt er ungane fornøgd
No er det leggetid
På veg heim finn dei Karl si grav
og lærer leksa si.

Nemleg at om du
lånar noko som du treng
og som er fint og flott
berre lån det lenge nok
så er det ditt for godt.

EPCK, 13.03.08
RIDDAR PETTER
Petter drog ut med sitt sverd
han brukte det til alt
Han møtte mange på si ferd
så godt som alle falt.

Ein riddar var han, pettergutt
med rustning og med skjold
Dei helste han med stor salutt
med ærefrykt, med vold.

Men Petter møtte banen sin
mot Dragen, stygg og stor
og dragen ropte “kom no inn!”
for den var Petters mor.

EPCK, 14.03.08
(…) då timen var ferdig var det endeleg lunsj! Me fekk kvart vårt hanehovud og kvar vår hanefot. Det smakte nesten verre enn det såg ut. Eg er litt lei av å få servert hovud til middag.

2 Responses to “Utdrag frå reisedagboka”

  1. Joachim Says:

    Men i helvete da. Maa man virkelig skrive hele tiden for aa bli saa sabla god i det som du er? Jeg har ikke engasjement i meg til det. Jeg er en jaevel paa dataspill, da.

    …Jeg kjente nettopp stemmen til hver eneste ensomme, usuksessfulle nerde-shut-in gaa gjennom meg som et gufs av kald, doed vind.

  2. Nora Says:

    XD

    Spiste dere mang hoder altså?

Leave a Reply