Klipp og lim

Hei alle saman!

Eg har gjort svært mykje sidan sist, diverre har ikkje bloggskriving vore blant tinga eg har gjort. Eg har ikkje så mykje tid til det no heller, me har berre fire dagar her i Xela før me har nytt program. Eg har derimot skrive litt andre stader, så her er ein artikkel eg har skrive for Kvinnheringen og litt frå andre stader. Sjekk og fkguatemala08.wordpress.com.

More...

Ein dag som campesino

Sola treff meg i ansiktet, eg opnar augene og blunkar mot lyset frå den vidopne døra. Røyklukta frå bålet på kjøkenet fyller rommet, eg skjønar at eg har sove altfor lenge. Klokka er seks og Antonia, mor i huset, var i gang med frukosten allereie for ein time sidan.

Av Daniel C. Fitjar

Eg er i Guatemala, nærare bestemt i huset til familien Rafael. Dei bur på California, ein såkalla finca om lag ein times køyring sørvest for San Lucas Tolimán, Kvinnherad sin venskapskommune. Eg er i Guatemala saman med fire andre elevar frå Noreg. To av oss er på California og tre på nabofincaen Tezoro. På fincaen skal me prøva oss som campesinos, jordbrukarar. Me skal hjelpa til med det daglege arbeidet og andre gjeremål, først og fremst for å læra – om kulturforskjellar, ulike arbeidsmetodar og måtar å tenkja på. Samstundes er elevar frå Guatemala med på det same i Noreg.

Eg har no stått opp og fått i meg frukost. Kjøkkenet er ikkje ein del av murhuset eg bur i, men eit tilbygg av tre med eit tak av presenning over. Her sit me ved eit lite trebord som pappa Ancelmo har snekra. På menyen i dag var det kokte bønner med maistortillas til, ei slags pannekake med ein litt søt smak av mjøl og røyk. Desse vert serverte til kvart einaste måltid, året rundt.

Ordet finca vert vanlegvis omsett til plantasje, men det er ikkje heilt dekkjande. Fincaane som me som me bur på i periodar på 14 dagar om gongen kan betre skildrast som jordbrukssamfunn. Folk bur, arbeider og har venner og familie på fincaen, og ofte kan det bu opptil hundre familiar på ein og same finca. Plantasjen vert ei lita bygd i seg sjølv. Denne måten å driva jordbruk på er vanleg i Mellom-Amerika, også i området rundt San Lucas.

Finca California er ikkje veldig stor, den har 38 fastbuande familiar. Kvar familie har ansvaret for sitt jordstykke, men som regel samarbeidar familiane om fleire på ein gong. På California dyrkar ein stort sett kaffi og gummi, men ein har og biinntekter frå bananproduksjon og ein liten flokk med kyr.

Arbeidet i dag er relativt avslappande. Kyrne skal ut på beite, vår jobb er ganske enkelt å følja etter og passa på at dei ikkje stikk av eller et for mykje av kaffibuskane. Dei finst nemleg så godt som overalt, så kyrne må beita på ugraset mellom dei. All jorda må utnyttast for å få det heile til å gå rundt, kaffiprisane har nemleg gått kraftig ned dei siste åra.

Tidlegare dagar har me arbeida med luking og beskjæring av kaffiplantar ved hjelp av machete og innsamling av gummi frå gummitreplantasjen på fincaen. Det er ikkje innhaustingssesong for verken kaffi eller gummi på denne tida av året, men gummiproduksjonen går berre litt ned, den forsvinn ikkje. Difor er det mulig å hausta året rundt, sjølv om ein rett nok får meir på hausten. På grunn av prisendringar er det for tida gummi California tener mest på.

Gummi er sevje frå gummitreet. Bøndene skjer fine snitt på skrå nedover i barken og festar ein kopp nedst. Det tek om lag tre dagar å fylla koppen, i sesongen på hausten kan den fyllast på dagen. Når koppen er full kjem bonden tilbake og rører i gummien så han koagulerer, og tek med seg den ferdige kaka tilbake. Slike små kaker vert sendt med lastebilar til ein fabrikk som bearbeidar rågummien. Vårt arbeid i denne prosessen var stort sett å pakka og senda gummien til fabrikken, då det var pakkedagar dei dagane me var med på gummidelen.

Klokka har blitt sju, sola er borte. Om mindre enn ein time har eg lagt meg alt, når det ikkje finst lys er det ikkje mykje anna å gjera. Eg sit i lyset frå ein lampe med kokosolje ved det nysnikra bordet, denne gongen med aba på tallerkenen, ei slags nøtt frå eit tre som veks i regionen. Denne vert most til ein slags graut som ein et saman med chili, jalapeños og andre sterke ingrediensar. Ein skikkeleg pangavslutning på dagen, så søv eg betre. Det trengs, i morgon skal eg klara å stå opp halv seks.

Daniel C. Fitjar er 20 år og kjem frå Husnes. Han er for tida i Guatemala utsendt av Sund folkehøgskule i samarbeid med den guatemalanske bondeorganisasjonen Kab’awil. Prosjektet har støtte frå mellom andre Norad og Norsk UD, og elevane er medlemmer av Det norske fredskorpset. Elevane er i landet i tre månadar, til mai. Dei deltar i fleire aktivitetar, mellom anna to fincaopphald.

Meg saman med vertsfamilien min. Berre faren snakkar spansk, resten snakkar kun mayaspråket ki’che. Ancelmo (25), Antonia (21) og ungane Elena (5), Angel (3) og Santos (4 mnd).

Gummitre

Huset mitt.

Kyr.

Born og sykkel.

Så litt mailutdrag:

Om lag midt i februar drog me på det første fincaopphaldet. Ein finca er ein slags enorm plantasje som og er eit lite jordbrukssamfunn i seg sjølv. På fincaane me besøkte budde familiane som eigde fincaen på sjølve fincaen. På finca California, der eg var, var det om lag 40 familiar som budde og arbeida på området men det er vanleg med fincaar med over 100 familiar.

På fincaen budde eg saman med ein av desse familiane og eg deltok i det dei dreiv med om dagane. Ein vanleg dag sto eg opp i sekstida, gjekk på en jobb som eigentleg ikkje var altfor tung (’Haha, kan du ikkje beskjæra kaffibuskar med machete? Jaja, luk litt rundt røttene då, så tek me resten’) og slappa deretter av frå om lag midt på dagen. Då bada eg i elva som låg ganske i nærleiken eller spelte fotball med folk på fincaen.

Jobbane me fekk var ganske forskjellige. I tillegg til den før nemnde kaffilukinga fekk eg vera med på innsamling av rågummi frå gummitredelen av plantasjen, og på å stå og sjå på kyr som beita og flytta seg 200 meter på ein dag. Sistnemnde var bortimot det mest keisame eg har gjort medan eg var her, men det vart kompensert for den siste dagen på fincaen. Då vart nemleg kyrnes 200-meter tilbakelagde langs ei elv, så me kunne bada medan me passa dei. Herleg.

Andre ting eg kan nemna frå fincaopphaldet er at det var svært varmt, om lag 40 grader på dagen, at eg ikkje kunne snakka med alle sidan svært mange snakkar det lokale indianarspråket ki’che, at eg kvar natt vakna av at svære mus gnagde på maten som låg på hylla rett over senga mi og at eg måtte kosta muselort ut av senga kvar morgon, at det eklaste eg har opplevd ved matbordet er den gongen middagen besto av fiskehovud og at eg alt i alt hadde det vanvittig bra.

Så, då fincaopphald nummer ein var fullført og mars var begynt drog me til neste stopp på programmet etter to korte dagar i Xela: Escuela Popular Campesina Kab’awil. EPCK er Latin-Amerikas einaste folkehøgskule, driven av bondeorganisasjonen Kab’awil (som og eig fincaane me drar til). I tillegg er den sannsynlevis skulen i Guatemala med kortast namn av alle, berre fire middles lange ord. Alle skular me har sett hittil har enormt lange namn i stilen ‘Den revolusjonære skulen Husnes Ungdomsskule for elevar frå alle samfunnslag og av begge kjønn, som promoterer kunnskap, utvikling, framgang, og sjølvstendig tenkning i namnet til Gud den allmektige fader og sonen hans Jesus Kristus og den Heilage Anden, stifta tjuetredje oktober i det herrens år 1998′. Nok om det.

På skulen, eit internat, går om lag 20 elevar i alderen 14 til 28 år som kjem frå fincaane Kab’awil organiserer. Her lærer dei mykje om korleis dei kan driva landbruket på ein god måte, mykje om korleis dei må læra seg å tenkja sjølvstendig så lenge dei held seg langt til venstre politisk og ikkje fullt så mykje om korleis dei kan syngja reint. I tillegg lærer dei seg mykje praktisk, for eksempel husbyggjing. For øyeblikket leier dei eit lokale av ein lokal bonde, men som ein del av undervisninga byggjer dei for øyeblikket sin eigen skule på ei tomt i nærleiken. Alt dei har gjort har me vore med på, så eg kan altså skryta over å ha bidratt til å sikra huset ved å mura støtta til veggane med sement. Godt eg er i Noreg når det eventuelt bryt saman.

Og no, litt meir enn to veker seinare, er eg her i Xela igjen. Me er no berre tre elevar igjen. Julie og Line var elevar ved ei anna line ved Sund fhs. og hadde difor berre ein seks vekers tur. Margrete har og dratt heim, ho gjekk på vårt kurs men måtte diverre dra heim i løpet av første fincaopphald av sine eigne grunnar. Vonar du har det bra, Margrete!

No er det påskeferie i Xela og det merkar me. Det er svære prosesjonar overalt og heile tida, og alle er ute i gatene for å sjå på. Det merkar me spesielt på at alt er stengt, og me kjenner frykten stiga kvar dag. Om me ikkje finn eit vaskeri snart må me nemleg vaska kleda for hand på neste finca, noko me forsåvidt har vent oss til, men det hadde vore litt luksus å sleppa. Neste fincaopphald startar nemleg i overimorgon, då skal me til ein finca som heiter Veracruz og luka meir kaffiplanter.

Og med det seier eg takk for denne gong. Neste gong skal eg skriva noko litt meir bloggvennleg. Eg lovar nesten.

2 Responses to “Klipp og lim”

  1. Joachim Says:

    Barna i Guatemala har visst bedre arbeidsetikk enn de indiske. Mine bilder bestaar av unger som blant annet henger doede ekorn i skjortelommen etter kloerne. Jeg har ogsaa masse bilder av ender, men det er en annen historie.

    …Hun som peker paa kyrne gir meg en stor-sassy-svart-kvinne-vibbe. Proever hun aa gi kyrne en verbal munnfull/lekse? Oh no you didn’t? You cows ain’t all high an’ mighty now, are you!

  2. n00b_18 Says:

    hehe gummitre tok an ja….hehe:pp

Leave a Reply