Utdrag frå reisedagboka
Sunday, March 23rd, 2008Når me reiser rundt i dette landet gjer me det utstyrt med ei lita blå bok me fekk utdelt på Sund. Denne bruker me som dagbok for å hugsa ting som kan vera verdt å hugsa til me for eksempel skal skriva keisame rapportar. Denne boka har eg blitt svært glad i, for av og til blir det litt mykje daudtid. Då rablar eg som regel ned noko i boka mi, og litt av det tenkte eg å dela med dykk her. Så lat er eg at eg kopierer meg sjølv.