Bursdag innerst i Xela

Hei alle saman!

Litt vanskeleg å få oppdatert herifrå, me har mykje program og når eg først får sett meg ned framfor datamaskina blir eg gjerne berre sitjande og spela kabal fordi eg ikkje har nett. Uansett, eg er i live!

I veka som gjekk (og forsåvidt veka me startar på no for fire av oss) har me vore i Quetzaltenango eikeiei Xela (utt. sjela). Dette har sjølvsagt ført til mange tørre vitsar som “bli med innerst i Xela” og “tru om indianarane solgte Xela til spanjolane?” osb. Desse, i tillegg til vitsar som “bønnemøte” (middag) har ført til god stemning.

Xela er den nest største byen i Guatemala, og om du leitar i dei vestlege delene av landet i om lag 2500 meters høgde er det stor sjanse for at du finn byen til slutt. Byen vart opprinneleg lagt på 2500 meters høgd for å plaga alle tilreisande, fordi dei aldri ville kunna klara å gjetta rett på om dagen i dag var ein god dag for varme eller kalde klede. Det er nemleg svært varierande temperaturar, men generelt kan ein seia det slik at ein frys heile natta og morgonen, før ein utan nokon mellomting går rett over i (for) sterk varme nokre timar midt på dagen og så tilbake til frysepunktet.

Reisetips #1: Om ein vil unngå varmen dei timane den er til stades er det berre å stilla seg i dusjen.

Dagane her går stort sett i spanskundervisning. Me startar på skulen klokka 8 om morgonen og blir der til 13. Så går me heim til våre Guatemalanske familiar (me bur i kvar vår familie med folk som er kjempehyggelege og trur at du forstår ukjente ord om dei berre repeterer dei nok gonger i stadig seinare tempo) og der får me mat. Etter det er me pøblar i Xela sine gater medan me taggar og står på skateboard og snakkar slang (berre tøysar, me driv dank medan Pernille snakkar slang) og kanskje går me ut og kosar oss litt på kvelden etter å ha ete framføre kvart vårt publikum heime i familiane. Me har det svært bra!

I helga gjorde me litt forskjellig. Me besøkte ein kaffifinca, Santa Anita, på laurdag og me besøkte Odilia (elev på Sund fhs frå Guatemala - for øyeblikket heime her hos oss) på søndag. Det var veldig moro og det blir svært kjekt å fortella om, men begrensningar i nettet gjer at eg ikkje får lasta opp allverda med bilete. Derfor kjem eg nok til å skriva meir om det seinare. Her er eit bilete i mellomtida:

Så, litt om bursdag. I dag har eg bursdag, takk til alle som har gratulert! Eg skal ut med dei norske og eta i kveld, men eg har alt blitt feira ved lunsjtider i dag. Vanlegvis bur det tre personar i huset mitt utanom meg: Anna, “mora” mi, Mapi, dottera hennar og “søstera” mi og Anna-Lena, ein annan student frå Nederland. Uansett, då eg kom heim til lunsj i dag venta denne gjengen på meg:

Den sitjande dama lengst til venstre er Anna, av dei to damene bakerst er ho som ikkje har på seg oransje Mapi og den einaste kvite jenta i flokken til høgre er Anne-Lena. Dei fleste av dei andre veit eg erleg talt ikje namnet på.

Dei hadde kake som eg måtte smaka på på tradisjonelt vis.

Reisetips #2: Om du likar å sniffa Kremtopp kan det vera ei god avveksling å dra til Guatemala rundt bursdagstider.

Og med det seier eg takk for no. Hels alle i Noreg/India/kor du no enn er!

(PS: Eg brukte to og ein halv time på å skriva dette innlegget sidan nettet er treigt og bileta er enorme. Trur kanskje eg skal komprimera dei litt neste gong. Som Håvard seier: Det går treigare enn honning i frysaren).

7 Responses to “Bursdag innerst i Xela”

  1. E-Dawg Says:

    Bra du koser deg, Danfit! Gratulerer med overstått.

    Og ja, du veit kva eg tenker om fyren med blikket til venstre for deg på bilete frå lunsj-bursdags-selskapet.

  2. Nora Says:

    Fysjameg som jeg savner dere. Honning i frysern

  3. Joachim Says:

    Savnet er stort, ja. Her er det bare syrlige fruktdrikker og butikker midt i slummen som selger powertools.

  4. noob_18 Says:

    hei grattulera me dagen DANIEL…..hehe

  5. Palbje Says:

    Hei, og gratulerer med overstått, Daniell!

  6. Gunhild Says:

    Litt misunnelig på alle dåke som er sånne reisemennesker :) Håpar du har det kanonfint der nede!

  7. Tom Says:

    From the beginning your blog seemed pretty dull for me. But now it keeps getting better. THIS post is just AWESOME!

Leave a Reply