Om arrogante franskmenn og amerikansk sikkerhetshysteri

Heisann!

No har me endeleg kome oss til Xela (Quetzaltenango), ein dag for seint. Me hadde ein ganske spennande tur ned på torsdag.

Det heile byrja med at Air France valde å ikkje letta før ein time etter at dei skulle, sjølv om alle var på plass i tide. Arrogante som franskmenn er valde dei vidare å ikkje opplysa om kvifor me var forsinka, berre om kor forsinka me var og kor mykje meir forsinka me kom til å bli. Alt med ein lettare hoven, typisk fransk, tone. Flyturen tok ti timar, ti svært keisame timar. Så landa me til slutt i Miami, og franskmenna sa at me var seine og håpte me kom til å lika Miami. Sa dei unnskuld? Neida.

Så stod me i passkontrollkøen i Miami.
Så stod me i passkontrollkøen i Miami.
Så stod me i passkontrollkøen i Miami, medan me såg på klokka og vart nervøse.
Så snudde me oss og såg ut gjennom vinduet bak passkontrollkøen i Miami, på flyet vårt som rolig bevegde seg ut mot rullebanen og vidare mot El Salvador.
Så stod me i passkontrollkøen i Miami. Framleis.

Etter mykje ståing i passkontrollkøen i Miami kom me oss endeleg inn på sjølve flyplassen. Der sprang me så fort me kunne, fordi me hadde fått oss plass på eit nytt fly, eit som gjekk direkte til Guatemala og ikkje om El Salvador som planen opprinneleg var. Hurra! Dagen var redda!

Så me sprang altså. Me kom oss til slutt, pustande og pesande, til gaten der flyet vårt skulle gå. Der flyet vårt eigentleg skulle gått no, men i staden vart utsett med to timar. Så me venta igjen.

Ting å gjera på mens ein ventar i to timar på eit fly som nettopp skulle gått medan klokka er midt på natta oppe i hovudet ditt:
- Kjøpa Cola.
- Kjøpa kaffi.
- Rista med beina og vera rastlaus.
- Høyra på at Margrete misliker heile gjengen fordi Julie har lært ho at Cola ikkje er bra.

Så kunne me endelig gå ombord i flyet. Me fann setene våre og sovna omtrent rett før me traff setet. Så vart me sittande i ein liten evighet, halvt sovande, før me fekk ein ny beskjed over høgtalarane: På grunn av teknisk feil på flyet måtte me ut igjen og setta oss i eit anna fly. Greitt. No var me litt leie.

Så gjekk me ut att. Det nye flyet var, sjølvsagt, ein time forsinka.

Ting å gjera på mens ein ventar i ein time på eit fly som nettopp skulle gått etter å ha venta i to timar på eit fly som nettopp skulle gått medan klokka er midt på natta oppe i hovudet ditt:
- Hata flyselskapet.
- Drikka meir kaffi.

Men, tru det eller ei, me kom altså fram! Hurra! Me var glade og lykkelige, letta over at turen endelig var over, og me dansa og jubla og smilte og strålte og var hoppande glade heile vegen ut av flyet, gjennom verdas lengste tomme ankomsthall, gjennom passkontrollen med halvsovande kontrollørar og heilt fram til bagasjebandet der alle andre enn me fekk bagasjen sin. Så drog me gretne og surmulande til hotellet.

Men no er me altså i Xela, og alt står bra til. Dei fleste av oss har fått bagasjen sin i dag tidlig (manglar to sekkar enno) og me byrjar å bli klare for livet i jungelen. I morgon flyttar me inn i kvar vår vertsfamilie og på måndag skal me byrja å læra spansk. Landet er heilt fantastisk, som eit einaste stort gartneri, skal prøva å få tatt litt bilete til neste bloggpost.

Me har det bra!

5 Responses to “Om arrogante franskmenn og amerikansk sikkerhetshysteri”

  1. Signe Says:

    Gartneri…

  2. Joachim Says:

    Paa vaar flytur fra Paris var det en rekke daarlige filmer, og den indiske flyplassen hadde litt tjukk luft. Til gjengjeld fikk vi all bagasjen vaar.

    Men serioest, Rush hour 3 og franske naturdokumentarer? Dere har ingenting aa klage paa.

  3. E-Dawg Says:

    Margrete virka kul.

  4. Per Says:

    Julie virker smart og kul.

  5. Men Mind Says:

    This story sounds convincingly! I agree with you in this case.

Leave a Reply