Tor, eg hatar deg
Eg likar å sjå på meg sjølv som ein fredselskande person som ikkje vil nokon vil svært få vondt. Likevel kjem det til eit punkt der eg ikkje klarar meir. Ei grense der min endelause kjærleik tar slutt, og der hatet byrjar. Dra over denne grensa, og reis langt langt inn. Innerst der inne, der hatet mitt er sterkast, der bur Tor.
Om det er nokon som fortener endelaus pinsle meir enn nokon andre, så må det vera Tor. Eg vil han ingenting godt. Eg vil ha han daud, hovudet skilt frå kroppen, ei kule i brystet, kva som helst, så lenge han er daud og har lidd før det skjedde.
Eg har aldri møtt Tor. Eg har skjeldan sett Tor. Men eg har høyrt Tor. Eg høyrer han stadig i dei mørke nattetimar, medan eg fortvilt og forgjeves gjer eit forsøk på å sova. Tor sit nemleg utanfor vindauget mitt og oppfører seg som dei fleste ugler pleier å oppføra seg. Ugler uler. Tor uler. Eg hatar Tor.
Fakta om Tor:
- Kjønn: Ugle
- Hobby: Uling
- Må: Dø.

Biletet over er ei såkalla fantomteikning, altså ei teikning basert på vitneobservasjonar. Om du har vore på besøk hos meg, eller veit kvar eg bur, kjenner du deg kanskje igjen allereie. Bakgrunnen er nemleg trea utanfor rommet mitt. Det er her Tor bur, det er her Tor har sitt terrorregime. Det er personane i dette området som må lida, dag etter dag.
Men me byrjar å gå lei. Etter å ha snakka med Joachim, min romkamerat med totalt feilstava namn, har eg fått overlevert dette biletet, ein provokasjon av verste sort:

Ja, så ond er Tor. Ikkje berre er han ond, han er vanskeleg å sleppa unna også. Tor har nemlig ikkje dukka opp i livet mitt no nyleg, han budde i treet ved den gamle hybelen min også. No sit eg på ein folkehøgskule i Nord-Trøndelag, altså et stykke unna hybelen i Hordaland, men Tor terroriserer meg altså framleis.
Men altså: Eg har ein plan. Etter å ha massert tinningane mine i fortviling ei av nettene med ustanseleg uling, etter å ha massert dei til all hud var slitt vekk og smerten steig saman med blodmengda, vart eg svimmel av blodtapet og gjekk inn i ein slags transe (nei, ikkje ein mann i dameklede, den andre tydinga). Der forma desse orda seg:
Ul og terror hand i hand
Verkar ei i framandt land
Kjemp for fridom, stolte mann
Knus den ugla om du kan!
Dra din veg til varme strøk!
Kjøp ein mango! Kjøp ein løk!
(Den linja var for rimets makt,
det viktigaste er alt sagt).
Tydeleg nok vil Tor berre gje seg om eg drar langt langt vekk og blir der ei stund, slik at han finn seg nokon andre han kan terrorisera. Derfor drar eg til Guatemala den 31. januar, og blir der til mai. Du vil muligens finna nokre oppdateringar frå turen min på denne sida, så stikk innom og sjå etter oppdateringar innimellom om du er interessert!
Me snakkast!
January 6th, 2008 at 22:56
Pfff. Som om det finnes folk som er imbesile nok til å skrive Joachim med K. Dette er uglesnakk, og vil bli uglesett så fort jeg finner tid til det.
January 6th, 2008 at 23:31
Daniel, ein vaksen mann
Reiser til eit anna land
Men først til barteland.
Og treffer ein annan.
Eg trur det er fantasi
Det liknar ikkje han
Tru det den som kan
Daniel diktar posei.
Han lagar fantasivenna
for å gjer meg sjalu
Uhuu-huuu!
January 6th, 2008 at 23:36
Du bør ta mindre av de grønne pillene.
Og ganske mye mer av de gule.