Klagetid

Vyrde lesarar, det de i det lange og breie har sakna så djupt: Eit nytt blogginnlegg. Denne gongen sterkt inspirert av det som skjer i nærmiljøet mitt. Eg har det nemlig ikkje så lett.


Vi kan byrje med å ta for oss sosiologitimane. Eller, sosiologi og sosialantropologi som det eigentleg heiter. Faget er i hovudtrekk  læra om korleis samfunnet fungerer, berre at me må bruke vanskelege ord istadanfor lette ord. Det heiter ikkje reglar, det heiter normer. Det heiter ikkje gjengar, det heiter grupper, etc.
Etter nokre månadar i klasserommet kan me seie at sosisaliseringsprossesen er over lag godt i gong, og me kan byrja å sjå kven som er mindre akspeterte individ i klasserom 125.
Det er strengt tatt ikkje så vanskeleg å sjå, og det var eigentleg ikkje behov for all denne tida for å sjå det. Men no er det ein gong slik at det er læraren. Læraren, hvis namn skal være ukjent, er eit høgare utdanna menneske med tonnevis av kunnskap. Det er ganske trist at det er sløst vekk så mykje tid på å trykke kunnskap inn eit menneske utan mental kapasitet. Dette gjer at hennar eigenskapar når det gjeld å setje seg inn i nye og ukjende situasjonar kan karakteriserast som ”svært dårleg” på ein skala frå dårleg til godt.
Det er også skremmande å sjå korleis denne læraren nyt det faktum at hu som lærar har ei rett itl å bestemme over elevane, og ho likar å fortelje oss det i alle mogelege samanhengar. Eit sosialt harakiri å stadig dra opp påstandar om at det er hieraki i klasserommet, med ho sjølv på topp.

Elles er det verdt å nemne at det snart skal arrangerast nattcup. Eit eigentleg ganske rart konsept, der me gryter (forhåpentligvis) 2-300 yngre mennesker inn i ein idrettshall rundt nattestider. Resten går av seg sjølv.
Det skulle eg iallefall ynskje. Det er ikkje lenge sidan eg og Daniel tenkte at me har god tid endo. No har me ikkje det. Og her må det takast eit skippertak, før fakkelen kjem inn i lokalet 27. Oktober!

2 Responses to “Klagetid”

  1. Ulf Says:

    «Eit eigentleg ganske rart konsept, der me gryter (forhåpentligvis) 2-300 yngre mennesker inn i ein idrettshall rundt nattestider. Resten går av seg sjølv.»

    Har det lokale sykehuset regnet med den påfølgende fødselsboomen ca. 9 mnd etter nevnte begivenhet? På tide å varsle MYNDIGHETENE!

  2. Magne Says:

    Vyrde Joakim!

    Eg skjønar din klage altfor vel. Eg har nemleg studert sosialantropologi, i si tid. Det var før eg tok eksamen i nytestamentleg gresk delfag.

    Sosialantropologien sette underlege ord på daglegdagse ting. Det er det eg hugsar frå det faget.

    Resten har eg heldigvis gløymt, i aksen mellom korttids- og langtidsminne gjekk heile faget tapt.

    Helsing Magne

Leave a Reply