w000t nyhende !11
Det er ikkje mangelen på tid som er problemet til meg og Daniel, det er vår trang til å settje alt anna foran det å skrive som gjer at vi ikkje skriv noko særleg for tida. Men ting skjer i lokalsamfunnet, og de, vyrde lesarar, treng høyre om det.
Sommaren vart roleg og fint gjennomført med så dårleg ver at nøkken i eigen høge tykkjest det var ille. Dette tilogmed i Polen. Etter nokre timar med kuleramme, kalender og tankevirke kom eg fram til at sommarens være kort kan oppsumerast med å seie at eg har hatt like mange dagar i kort bukse som eg har tomlar. Dette er ikkje irriterande, og det plagar meg ikkje at eg reiste til Bergen2 (Warszawa, værmessig) istadenfor å takke ja til ein gratis tur til Kreta.
Men dette er gammal historie. Nyare historie er meir interessant. Underteikna har slutta i jobben på ICA Nær Husnes, då kjeisamheten i den aktuelle butikken er stor nok til å drepe eit dovendyr. Etter nokre timar som arbeidsledig fann eg kjapt ny jobb på Elkjøp Husnes, og det gjorde jaggu Daniel også. Vi har dermed eit nytt territorie foran oss som skal terroriserast med vår slappe humor og kjekke holdning. Med gode, syrlige holdningar inad i lokalet er kvar dag ein fest ved Elkjøp.
Som ein notis kan eg nevna at 10 timar norsk i veka ikkje er ein fest.
September 24th, 2007 at 18:10
Eg e sulten. Levere Ica Nær på døra ved langtransport?