Warszawa

Så stod me der. Alle fire. Klare til å reise. Alle hadde pakka i sekken, utenom Linn. Me var klare, og det kribla i kroppen. Me skulle eobra verden!

Og som alle veit, for å eobra verden må me byrja i, ja, Polen.

Om omtrent 12 timar frå no, står Joakim, Linn, Harald og Daniel på Sunde hurtigbåtterminal og ventar på det vakre fartøyet som skal frakta oss til Flesland. På Flesland vert me plukka opp av eit privatfly som tek oss like til den største flyplassen i Polen, som forøvrig er oppkalla etter den polske pianisten Frederic Chopin.

Herifrå er det ingen som veit kva som skjer. Ikkje utenkeleg er det eit lurt prosjekt å byrja med å finna oss ein stad å sova, sjølv om det vert sagt at Warszawa skal ha dei mjukaste gatene i heile øst-europa.

Ikkje umogeleg at de kjem til å høyra frå oss medan me er der.

5 Responses to “Warszawa”

  1. Linn Astrid Says:

    Chopin

  2. Linn Astrid Says:

    Eg prøvde å tegna et hjerte etter der. Da gjekk visst ikkje.

  3. Daniel Says:

    Eg har ikkje pakka.

  4. Linda Says:

    Sov de på gata? Kva skjedde så? Kom alle heim igjen? Klarte Linn (og Daniel) seg utan bagasje?

  5. Joakim Says:

    Turen tok så hardt på at me ikkje har hatt krefter til å skrive noko om den endo. Det spørs om det nokon gong vil skje.

Leave a Reply