Bedriftsfotball 1, 2, 3.
Er du så mykje som littegrann aktiv i kvardagen? Trivest du med ulike sportar, øvelser og aktivitetar?
Då er det ikkje umogeleg at du har eller kjem til å delta i ein runde bedriftsfotball eller to. Her følgjer tre gode råd om bedriftsfotball.
- Ikkje slit deg i hjel. Sørg for at du kjem på det beste laget. Skulle det motsatte skje, gjer ein innsats. Dette vert mottatt svært godt av lagkameratane. Vis at du kan litt, og avslutt gjerne med verdas største flopp. Ingen klandrar deg, uansett.
- Ikkje gje deg. Med ein gong. Er nokon borti deg kan du gjerne spele daud. Passar ikkje dette i den aktuelle situasjonen, spring du etter motspelar til han passerar 16-metaren din. Då stoggar du og tar ein pustepause, slik at du er klar på returen.
- Drep. Ja, du høyrde meg. Gå aktivt inn for å drepe. Ikkje vær redd for å gå hardt i. Det verste som kan skje er at du fell. Ikkje stopp før dei andre skrik til deg at det ein med eller motspelar er daud og treng umiddelbart eit helikopter til haukeland.
For å få eit godt rykte på laget er det dessutan populært med stygge sleivspark, dårlege passningar og passivt spel.
Ulf har tipsa oss om at det ikkje er smart å knekke foten sin. Knekk heller nokre andre sin fot.
