Sand

Herregud, tenkte eg. No var gode råd dyre. Eg kjende det svei kraftig då eg betalte dei fem hundre han skulle ha, og tenkte for meg sjølv at alt var betre før. Då kunne ein sikkert få minst tre for same prisen. Då hadde eg ikkje pleidd å ha salt i buksa heller.

Av Daniel

Eg sette meg i den kvite sofaen med eit kaldt glas mjølk og tenkte på rådet eg hadde kjøpt. Det låg framleis i sekken. Borte i den svarte sofaen skulte Joakim på meg over ein kopp varm kaffi. Han var heilt tydeleg ganske misunneleg. Han hadde ikkje råd, han.

Eg tømte glaset og opna sekken. Rådet hadde visst velta på turen heim, så det eine rådsmedlemmet var litt krøllete. Eg retta han ut og sette han tilbake på stolen sin, der han sette i gang ein diskusjon med det same. Eg likte rådet mitt. Vel var det dyrare enn før, men det var av langt høgare kvalitet også. Kanskje var det verdt det likevel.

Joakim ropte frå kjøkenet, maten var ferdig. Eg lot rådet diskutera litt seg i mellom mens eg gjekk ut på kjøkenet for å eta. I dag hadde me betasuppe. Joakim er dyktig med maten, det skal han ha, men eg finn alltid ei fluge eller to i det han lagar. “Joakim”, sa eg, “bug”. Han sukka oppgitt. Dette skjedde kvar gong. “Eg gjer snart opp” sa han, “kanskje me aldri kjem til versjon 1.0″.

Eg gjekk ut at i stova. Rådet var visst ferdige med dagens saker, og no spelte dei poker:
“Kløver åtte!” “Check.” “Check.” “Check.”

“JEKK!” Det var Harald. “Har nokon ein jekk?”. Han hadde visst punktert, stakkar. Det skal ikkje vera lett å jobba som sjåfør. Eg gjekk ut i garasjen og fann jekken til han.

Då eg kom inn att hadde Joakim fått besøk av Ein eller Annan. Eg lurte på kven, så eg lytta ved døra. ”Coffee, Annan?”. Så visste eg det. Eg kjende eg var litt tørr i munnen. Ubehageleg.

Harald kom opp med jekken, no var han klar til å køyra. Som takk fekk eg to av tomatene han køyrde rundt på. Eg la dei berre frå meg på vegen, og då Harald køyrde var han så uheldig at han køyrde over ei av dei. Eg brydde meg ikkje, så eg gjekk inn.

Og medan eg la meg sto den eine tomata hjelpelaust i vegkanten og ropte på kameraten sin. “Kom igjen!” sa han.

“Kom igjen, Sigbjørn!”

3 Responses to “Sand”

  1. ZpiFF Says:

    hahah bug

  2. Linda Says:

    Haha!

  3. Joachim Says:

    Tre ganger tre hurra for tilstanden av konstruktiv kritikk på internett.

Leave a Reply