Kvittering?
No var eg lei. Etter minst eit dusin dårlige kvitteringvitser fra kunder som uten spørsmål burde bli fratatt retten til å snakke. Eg hadde utover dagen funne ut at alle desse svært like kvitteringsvitsane måtte stamme frå ein og samme plassen. Det var umogeleg at så mange personar kunne ha den samme vitsen. Så no var eg drit lei.
Eg heiv meg i bilen. Eg køyrde rett til kaien, der Daniel bur, for å hente han. Eg fortalte det heile, og me vart raskt samde om at alle vitsane truleg kom frå ein og same person. Me køyrde til Husnes og kledde oss ut som kasseapparat. No var det berre å vente på dei utruleg dårlege vitsane. Det tok ikkje lange tida. Førstemann ut var ein gamling utan tenner. ”Nei, den kan de FÅ av meg! Eg får ikkje skrive noko av likevel! HE HE!”. Den samme tørre. ALLTID den samme tørre. Hadde det ikkje vært for at den gamle mannen allerede vibrerte om kapp med lydbølgene i rommet, hadde han merka at eg rista i sinne. Me venta litt lengre.
Ei hyggjeleg dame kom. Kvittering? Nei, den kunne me få. Eg kjende eg blei fuktig i augekroken. Så gjekk det brått ei stund før neste vits kom. Som alltid kunne me FÅ kvitteringa. No var det på tide å bevege seg. Me fulgte etter kunden i bilen. Me køyrde, og køyrde. Ikkje får me var ved Fjellhaugen stogga bilen foran oss. Han gjekk inn i ei lita raud hytte ved vegen. Eg såg på Daniel, og han nikka anerkjennande tilbake. Det var Runkestoggu me var kommen til. Me dumpa bilen i vatnet og gøymte oss i lyngen i skråningen nedanfor hytta.
Timane gjekk. Det var roleg. Så roleg at me kunne høyra lemena sprengje, og ei og annan kråke som skreik. Daniel var lei ventetida, og begynte å få abstinensar. Han tente seg ein sigarett. Rista varsamt ut flammen, og kasta stikka. Så vart lyden broten av latter. Tørr, ekkel latter. Eg kjende igjen latteren med det same. Det var den samme latteren som alle kundane med vitsane nytta seg av. ”HE HE”. Mannen me hadde fulgt etter var på veg ut døra. Han køyrde avgårde.
No var det på tide og ta til aksjon. Me venta til bilen var ute av synet, og så lista me oss mot hytta. Opna døra, varsomt. Daniel mista sigaretten frå munnen, og eg berre måpte. Skikkelsen bak pulten ved lengste hytteveggen heva blikket mot døra. Han smilte, og inviterte oss inn. Rundt han låg det på stablar med ark. Samtlige ark var fyllte med det same: Dårlige, tørre vitsar. Nesten like. Det var Ordføraren, Bjarne Berge frå Tverrpolitisk Samlingsliste som sat der. Han hadde skrive mykje. Side opp og side ned med identiske og dårlige vitsar.
Det var først no eg såg samanhengen. Alle dei som fortalte dårlige vitsar hadde ein fellesnemnar. Samtlege var medlem i Tverrpolitisk Samlingsliste. Eg burde ha skjøna det. Og på ordre frå ordføraren får dei utleverte vitsar dei må fortelle, for å lette på trykket mellom folket og TS.
Typisk TS.
April 21st, 2007 at 17:43
Den var god, din dustete kassapparatkonduktør! Har du ikkje teieplikt, forresten?
April 22nd, 2007 at 12:21
Eg har aldri teikna under eit einaste skjema der det står noko om teieplikt.