Ferjeuhell
Få slapp unna med lettare eller ingen skader då den vesle ferja MF D.C Fitjar sklei av fjorden i dag.
Den velvaksne ferja hadde om lag 50 personar og 55 bilar ombord då uhellet skjedde. Ingen veit kva som var årsaken men mykje tyder på at mangel på salting i vegbanen ikkje var årsaken. Politiet var raskt på staden med alkometer til skipparen, men denne gongen bles han berre gult. På spørsmål frå kjeften.net seier rederisjefen at han ikkje vil kommentera saken og innan kort tid vil ha rømt landet.
Politiet etterforskar saken og mesta melder at brøyting av hardangerfjorden vil væra fullført innan kort tid.
February 2nd, 2007 at 19:13
Dere er lol. Er innom å leser