Skaffe smør til brødet

I nyare tider har fleire og fleire individ byrja på den tunge vegen mot arbeidslivet. På denne vegen opplev monge at dei vert kalla studentar. Og alle studentar har to ting til felles. Den første er at alle er alkoholikarar. Den andre er at dei er fattige. Dette kan gjerne skuldast førstnevnte punkt.

Smør på brødskiva er eit frynsegode i kvardagen som ikkje alle tar seg råd til, og velger å spara pengar her. No skal eg gje deg ei lita gjennomføring i korleis du billig og enkelt kan skaffe smør til skjeva di - billig.

Du byrjar med å hente den største kjelen du finn. Den bør være minst 4 dl stor. Ta med deg kjelen til sjøen og fyll den med sjøvatn. Pirk vekk eventuell fisk og tare. Vel heime set du kjelen på kok og lar den koke tørr. Her bør du være litt varsam og oppmerksom. Tørrkoking har ofte endt med besøk av brannvesenet. Tørt innhold flyttes fra pannen til passende beholder, og vil gjerne se slik ut:

Gjenta denne prosessen til du har ein dugelig mengde salt. 4kg skulle halde.

Deretter venter du til mørket kjem. Snik deg til nærmaste bondegård. Finn den største kua og start å mjølke den. Sjå til at du har rett kjønn, men dette skulle du klare om du ikkje ønskjer anna. Teknikken kjem etter ei stund. Ta med deg så mykje melk du klarer. Settes varmt.

Så byrjar produksjonen. Bruk di eiga vaskemaskin eller nytt naboen sin. Hell mjølka og saltet inn i trommelen og gå rett på sentrifugefunksjonen. 2-4 timer burde holde. du vil til slutt ha ein fast klump med smør og litt avfall rundt. Avfallet let du ligge til neste gong, denne substansen er nemleg ikkje ein gong i nærleiken så harmlaus som vatn, og forsvinn av seg sjølv etter kort tid.

Gratulerer. Du har no smør.

MMMM SMØR

Leave a Reply