Skrive
Så eg sit her. Eg har hatt ein relativt hektisk aften med mykje ingenting å få unnagjort, også tenkjer eg det at eg bør setje meg ned og skrive litt til denne eminente bloggen. Men det er jo ikkje alltid like lett. Så då skriv eg litt til deg om nokre enkle steg i din kvardag når du skal skriva noko.
Av Joakim
Først må ein byrja å brygga på idéen. Ein må tenkja på om idéen er god nok til å setja ut i handling. Denne tenkeperioden kan gjerne vara lengre enn det ein gjennomsnitts amerikansk president bruker på å tenke. 2-3 sekundar kan i beste høve være nok. Så må ein tenkja meir. Kva er det egentlig eg vil ytra? Vil eg sei noko viktig om deg, meg eller framtida til nokon andre? Eller vil eg bare skrive ein heil masse med sakprosa som eg ellers kunne lese på dagbladet.no? Den prosessen er i alle tilfelle kort, for du har mest sannsynlig allereie bestemt deg for kva du vil skrive når du har byrja. Så må du bestemme deg for korleis du skal skrive. Vil du skrive enkelt bokmål eller kommune-dokument-aktig med vanskelige ord og setningar innimellom kvar einaste meining som ein egentlig heilt fint kunne klart seg utan, utan at nokre hadde vorte kommulerte for slik atferd under slike høve.
Og kor longt skal du skriva? Du kan jo sjølvsagt setje deg ned å skrive ut i den store evigheten om det aller meste. Ta med de mest unyttige fakta og de minst spanande detaljane du finn. Visste du forresten at den lengste romanen nokon gong skreven er franskmannen Marcel Proust si roman Remembrance of Things Past or In Search of Lost Time? Den vart gjeven ut i 13 bind frå 1913 til 1927 og inneheld ikkje færre enn 1,5 millionar ord. Det er mongen ord det. Kanskje ikkje ulikt den same mengden ord eit gjennomsnitts eldre menneske kan snakka på ein god dag, berre for å trøtte deg ut. Og sidan ein snakkar om gamle mennesker kan ein nemne at Emiliano Mercado del Toro er den eldste levande personen pr i dag på jorda. Han kjem frå Puerto Rico og er 115 år gammal.
Så når du har tenkt er det berre å setje i gong å skrive. Finn ei behagelig stilling, og sett i gong. Men ikkje gløym å gjere i stand og skru på kaffetraktaren før du startar. Før du veit ordet av det vert du kaffetørst. Det er bieffekten av å skrive. Alle som skriv vil oppleva å verta tørste, og då gjerne kaffetørst.
Lykke til og God Påske!