Godt nyttår og gratulerer med dagen!
Dei fleste som orka å lese overskrifta, forstod nok kvifor eg skreiv “Godt nyttår” (det er jo 31. desember i dag, duh). Men kvifor “gratulerer med dagen”? Her i Kvinnherad er det ikkje berre det nye året som vert feira denne siste kvelden i året. Her er det nemleg bursdagsfest.

Av Daniel
Som de ser, er Joakim ekstra glad i dag, for bursdagen har han venta lenge på. Det går faktisk 364 dagar (365 i skotår), før han endeleg kan vakna og tenkja at no, no er dagen her.
Sjølv om ventetida er lang, er det nok ei trøyst for vårt kjære bursdagsbarn å vita at han får mange til å le, og at han gjer mange glade med sine treffande kommentarar. Det blir liksom verdt ventetida når ein veit at mange er glade i han.
Så, kva meir kan ein seie? Gratulerer med dagen, Are Kalvø! Joakim er ein stor fan, og helsar sjølvsagt og.
December 31st, 2006 at 02:41
Ja Are Kalvø, du er en skikkelig skøyer. Gratulerer med dagen!
December 31st, 2006 at 14:46
Gratulerar, Arebass