Julekalender: Reisebrev frå overalt
Velkommen til vårt fantastiske julekalendereventyr! Me kan ikkje garantera at me oppdaterer kvar dag, for det er ikkje sikkert at me finn internett overalt (som jo er vårt reisemål). Me skriv heim til dykk i ei reisedagbok, og du vil alltid finna det nyaste innlegget nedst.
1. desember: Røeds øl og pølser
No sit eg på ein bar med internett i Danmark, etter at den første dagen er overstått. Det slår meg at alle har store magar.
Dagen starta bra den, eg og Joakim vakna fulle av pågangsmot, for i dag skulle me jo ut på tur! Me jogga til Flesland for å nå flyet til Danmark. Alken-fans kan ta det med ro, Joakim har Alken i sekken, så me får nok brukt den og ein gong i løpet av turen, men no skulle me til Danmark, som i følge våre kart ikkje har stor nok kystlinje.
Joakim vart med eitt litt mindre glad då me kom til flyet. Der fekk nemleg eg utdelt eit skilt som såg slik ut:
Seinare kom me fram til familien Røed, kjent for sine pølser. Me ringte til dei for nokre dagar sidan, og dei sa me var hjarteleg velkomne til å avleggja dei ein visitt. Me tenkte nemleg me skulle gjera oss ferdige med denne oppgåva, gjeven av Snorre, først som sist:
Kan de ikkje reisa til Danmark, og jakta på den besta røda pølso?
For å gi reisetips til folk som liker røde pølser,(personleg hatar eg dei)
De har kun lov å ha med pengar til pølser.
Dåke må bli kjende med pølsemakerane og overnatte der.
Me smakte nokre pølser på flyplassen, og dei smakte som røde pølser flest. Me kjende eigentleg ikkje nokon forskjell då me testa Røeds pølser, men dei var raudare, så eg trur me har ein vinnar. I natt overnattar me altså i baren eg sit og skriv i no, “Røeds øl og pølser”. Kanskje derfor folk er så feite?
I morgon drar me vidare, då skriv sikkert Joakim om kva me har gjort. No har me brukt opp alle pengane, og det er kanskje like greit, sidan oppgåva gjorde at me berre kunne bestilt pølser likevel.
Daniel
2. desember: Vidare
Etter eit kort opphald i Danmark fann me ut at alle røde pølser smakar likt. Dette var det ikkje eingong å setja spørsmål ved. Eg og Daniel ville vidare, og det snarast.
Me lurte på kvar me skulle gjera av oss no, og la fram verdskartet for å sjå. Begge lengta etter Kongo, men der har me allerede vært. Daniel peika raskt på Iran. Han ville sjå landet, for der hadde dei så mykje fin natur. Eg brukte straks veto-retten min mot dette, då eg er litt redd for radioaktivt avfall.
Etter mykje diskusjon vart me enige. Me skulle til Burundi. Det måtte ein del overbevising til frå mi side, då Daniel aldri hadde høyrt om staden. Burundi er eit bittelite land i afrika, som grensar til Tanzania, Rwanda og Kongo. Kongo kjende me, så då var det vel på tide å ta eit naboland, sa Daniel. Eg tok fram sekken og monterte alken. Me la ut frå Danmark i roleg vær.
Ettersom at det tar ein heil dag å reise til Burundi med båt fra Danmark, er hendingane i Burundu noko Daniel må ta seg av i morgon.
Joakim takkar.
3. desember: Hæ?
Joakim! Om du les dette, kontakt meg så eg veit at du lever!
Enkelte døgn er meir absurde enn andre. 3. desember var ein av dei meir spesielle dagane i mitt liv.
Me ante fred og ingen fare då me la ut frå Danmark med Alken, og ting gjekk faktisk langt betre enn venta. Allereie klokka 14 vart det skumringsmørkt, og me kjende igjen Kongos lange kystlinje. Me storkoste oss med saft og boller medan me lo av dei bleike turistane som låg på stranda og angra på at dei valde feil land å feriere i. Mannlege guidar i damekle såg me og her og der, og dei lyste opp her og der frå sjølvlysande kroppsdeler både her og, vel, der. I det me segla rundt Kapp Dommelé, på sørspissen av Kongo, nynna me på ein kjær melodi guiden vår ven n’Dani frå n’Guide lærte oss sist gong me var i landet:
“Don’t you medidate
I send a messenger
to tell you that
I want to meet you in the station”
Men akkurat då Joakim skulle ta andrestemma, med skjærande nasal stemme, og syngje “Hello my Baby”, akkurat då eg var i gong med “Hallå mai svithart” for full hals, då kom bølgja. Alken hadde som alltid enorm fart, og ei lita bølgje med ein høgd på om lag ein halv meter var nok til å fungere som eit hopp. Me burde tenkt oss om og sett i ordboka før me drog. Kapp Dommelé tyder nemleg “Kapp bølgjer med halvmeterhøgde som fungerer som hopp”. Akkurat kva kapp tyder veit eg ikkje, men det er sikkert ikkje positivt det heller.
I det Alken skaut til værs datt eg av, og vart skylt i land på stranda i Kongo. Derifrå såg eg det siste eg har sett av Joakim foreløpig. Alken kom aldri ned att, han hamna nemleg midt i ein jetstraum! Desse kraftige vindane kan lett ta med seg ein båt, men likevel er det berre Askeladden som har prøvd det inntil i dag. Eg lurer på kvar Joakim hamna. Eg lurer på om eg får sjå han igjen.
Eg fekk ikkje så mykje tid til å tenkje over situasjonen til Joakim, eg måtte nemleg konsentrere meg om min eigen. Nokre kongolesarar fann meg, og dei berre stira. Dette var ikkje guidar, det kunne eg sjå, for dei hadde ikkje dameklede. Eg skjøna fort at det var ein stamme som bur på den kalde kongolesiske tundraen, og etter kvart skjøna eg kva dei sa og.
“Hawa dollolo! Konoloco to, far!”
“Somoya dele-heri mare tanka. Hika! Naka!”
n’Dani hadde lært meg nokre enkle gloser sist eg var i landet, og desse kjende eg att frå læreboka:
“Sjå! Han har ikkje sjølvlysande kroppsdelar, far!”
“Son, eg ser at du har rett. Lat oss ta han med til sinnsjukehuset for slukna menneske, fortare enn gasella sine bein kan bera gasella sjølv, om dei sit på rett! Fort!”
Så no sit eg her, på ei celle i eit gamalt sjukehus, forlatt av mynighetene og overtatt av stammefolket, midt i svartaste Kongo. Eg får nesten ingenting, berre ei grashoppe og to, litt vatn til å skylje dei ned med, ei tvangstrøye eg må bruke heile tida, og ein laptop med stemmestyring og trådlaust internett.
Lurer på kva Joakim gjer. Lurer på kva eg skal gjere. Lurer på korleis eg skal kome meg på do.
Daniel
4. Desember: Hjelp?
Hjelp. Eg treng hjelp.
Akuratt då eg skulle med mi nasale og skremande røyst skulle ta andrestemma i songen n’Dani lærte oss i Kongo kasta ei kjempebølge båten i været. Daniel vart kasta av, og eg synest såvidt kjende meg litt vektlaust før båten dala nedover. Og nedover. Det gav seg aldri.
Eg vakna på ein rosa handduk. Det var lyst frå alle kantar. Eg skjerma lyset med nevane, og prøvde å sjå kvar eg var. Alken var historie som funksjonell båt, sekken som eg hadde hatt på ryggen var no på magen og det stod folk rundt og kikka på meg. Ein av dei høgaste personane kom bort til meg. Han sette seg på huk ved sidan av meg, kikka meg ømt i augene og sa: ”Been there, done that”. Så sprang alle saman vekk. No var det bare meg, kvisthaugen Alken og ryggsekken igjen på den store sandsletta. Eg reiste meg opp og børsta av meg støvet. Det var ikkje anna å gjere enn å gryte den store kvisthaugen i sekken og komme seg avgårde til der det var folk. Noko som kunne bli langt.
Etter fleire timar med gange makta ikkje kroppen min meir. Eg kollapsa. Og no sit eg i ein slags frukthage og skriv. Ryggsekken er vekk. Eg prøvde å spørra gartnaren kvar den er, men han svarar bare på språk som eg ikkje skjønar. Rare klikkelydar. Det er iallefall noko anna enn nynoregsk.
Eg skjønar ikkje kva som har hendt. Lurer på kvar eg er. Eller kvar Daniel er,for den del.
Joakim
5. desember: Dit gilraad
Kanskje verdas mest keisame dag. Heile dagen har vore sterkt prega av tvangstrøya mi, og nokre stemmer utanfor celledøra som kjem att med jamne mellomrom:
“Ggolb avirks aa lit dit ejkki rah nah aas, ksron i tenmereas dem rasserts leinad”.
Æsj, no ser det ut til at batteriet på den stemmestyrte laptopen går og. Snakkast.
Daniel
11. Desember:
Endeleg internett. Etter ei veke utan internett er eg tilbake for å skriva meir reisebrev. Det viser seg at den skumle gartnaren som snakka eit språk eg ikkje skjøna berre hadde vore hos tannlegen for rotfylling, og difor hadde ein liten feil i taleevnen. Men allereie 5. Desember byrja me å prata saman. Eg fortalte kva som hadde hendt, og han prøvde å tolka det. Det viste seg at vinden hadde kasta meg til Thailand, og eg hadde landa i drivhuset til ein norsk pensjonist frå Halsnøy. Då eg trudde eg hadde gått i timasvis på ei sanddyne hadde eg bare landa i sandkassen til gartnaren i drivhuset, og der hadde eg gått i ring i fire-fem timar til eg kolapsa. Då tok gartnaren seg av meg, mens han leverte sekken til kona.
Eg hadde gløymt sekken no. Gartaren viste meg rundt i Thailand dei første dagane, seinare hjelpte eg han på gartneriet. Det viser seg at drivhus i Thailand har ein heilt unik effekt på den norske tresorten Furu. Istadenfor nåler, veks det pengar. Pengane kjem sjølvsagt ut i ein heller ukjend valuta, men dette kan vekslast ved næraste nordpol. Me henta inn mykje valutta, og på fire dagar hadde me heile 36 kroner og 4 øre. Ei god forteneste, sa gartnaren og var strålande fornøgd.
Eg gløymde nesten tid og stad. Så kom eg på at eg sakna Daniel. Eit inderleg sakn etter bestevennen som eg hadde reist på tur med. Kvar var han? Var han død? Velta eg meg i ukjend valuta medan han var daud? Eller hadde han det mykje betre enn meg? Begge tankane var vonde. Eg forklarte gartnaren at eg måtte komme meg vidare ut i verden og søkja etter Daniel.
Han gav meg sekken. Eg takka og bokka for eit godt opphold, og eg fekk med meg noko grovbrød til reisa. Straks eg kom ut i hagen deira kikka eg i sekken. Trur du jaggu ikkje kona til gartnaren hadde brukt heile veka på å lappa saman Alken? Den var god som ny. Nymala og fin. Det var tilogmed installert lensepumpe på den no. Eg vart hoppandes glad, pakka den ut og sette meg i styrehuset. No skulle eg finne Daniel.
Joakim - På utkikk frå Alken
12. desember: På låven sit eg, men utan graut
Eg har forskansa meg i ein låve, og dei hoiar utanfor.
Joakim, segl til låven og hent meg umiddlebart. Stikk innom hybelen min med ein router i same slengen. Den er sakna.
Daniel
13-15. Desember:
Kona til gartnaren hadde truleg ikkje sansen for fart. Hu hadde nemlig bytta ut turbojeten i alken med ein 2.5hk Sabb-diesel frå 1943. Med denne farte tek det heile to dagar å komma seg heim. På veg heim kjørte eg sjølvsagt innom låven som Daniel sat på. Deretter gjorde me jobben me var hyra til av Svein: Nissa.
Joakim
16. og 17. Desember
Nisse, nisse og nisse. Me er varme i kostyma og me svettar. Ungane kosar seg, og eg trur dei veit kor fælt me har det i kostyma. Daniel blir narkoman (Iallefall utsjåandemessig) og drar til stord.
Joakim
Me håpar Daniel kjem med meir detaljerte soger fram mot julafta, så de får litt lesarglede.
21. desember: Mayday!
Joakim fann meg med Alken som sagt, men no går det nedover med oss. Me køyrde rett bak MF Os, og no ser det ut til at me har punktert på eit glasskår frå ei knust ølflaske. Me har gitt opp alt håp om å bli redda etter at me avslo å bli redda av mannskapet på ferja. Heller dø ein kjapp drukningsdød enn å sitja på ei ferje til evig tid.
Og når me først er i gang med havarering, så kan me like gjerne sei god jul. Eg erklærer herved denne kalenderen for havarert. Om me overlever så snakkast me nok ein annan gong! No må eg gå, for laptopen tek inn vatn.
Daniel
December 2nd, 2006 at 21:48
JAAA!!!
detta e godteri for leselystne!
December 3rd, 2006 at 22:46
Eg vil gjerne at dykk drar på dameleting i Thailand. Joakim hadde kledd ei lita tuppelure på 1.60 med morosame og eksotiske kjønnsjukdommer.
December 3rd, 2006 at 23:41
Fantastisk deilig å sjå at de er tilbake i Kongo, sjølv om reisa kunne vore meir behagleg.
Hawa dollolo og god tur vidare!
December 3rd, 2006 at 23:43
Gidd du sjå om du finn popgruppa n’Kongos mens du er der nede? Berre om du gidd sjølvsagt, for du har nok mykje på tapeten.
Veldig lysten på ein autograf.