Julekalender: På reis igjen!

Det kriblar i reiseføtene. Det er lenge sidan me var på reis sist, så no vil me ut på tur igjen. Me veit ikkje meir enn avreise- og ankomstdato, og derfor henvender me oss til deg kjære lesar. Me treng di hjelp.

Av Daniel

Det er no ei stund sidan haustferien og vår ferie i Kongo. Me har bestemt oss for å ta ein tur igjen den første desember, og vera tilbake på julafta. Planen er å oppdatera kvar dag i denne perioden (men planar kan slå feil), slik at du kan få eit innblikk i kvar me er og korleis det går gjennom sånn om lag 24 episodar. Me vil skriva vekselvis, slik at Joakim held fram der eg slapp og omvendt.

Problemet er at me ikkje anar kvar me skal! Det er her du kjem inn, kjære lesar. Bruk kommentarfunksjonen nedanfor til å foreslå kvar du vil me skal dra, kva me skal ha med oss, kvifor me skal til den staden (målet med reisa), ting som er lov/ikkje lov, osv. Me vonar me har alt klart for oss når desember kjem.

På førehand takk,

Daniel og Joakim

7 Responses to “Julekalender: På reis igjen!”

  1. Snorre Says:

    Kan de ikkje reisa til Danmark, og jakta på den besta røda pølso?
    For å gi reisetips til folk som liker røde pølser,(personleg hatar eg dei)
    De har kun lov å ha med pengar til pølser.
    Dåke må bli kjende med pølsemakerane og overnatte der.

  2. Joakim Says:

    Eg gler meg voldsomt til turen. Sjølv kunne eg tenkt meg ein tur til Bergen.

  3. Håkon Says:

    I beste julekalenderånd burde de tatt turen til trøndelag.

  4. Kongen Says:

    ta turen til bergen for å lete etter en stille bergenser, ta med boxsershorts og helsetrøye

  5. Håvar Says:

    Ta en tur til bergen og kom på konserten vår (jazzlinja på Greigakademiet) den 9. desember på Zachen kl 14:00.

    Ta med åpent sinn og godt humør.

    Det er ikke lov å klappe etter en solo når den slutter i en sår og øm stemning.

  6. Linda Says:

    Burundi. Eller Angola.
    Eventuelt Hedmark?

  7. Ulf Says:

    Jeg foreslår:

    a) Bøffelsafari i Texas
    b) Trøffelleting i Italia
    c) Damejakt i Thailand

Leave a Reply