REKLAME REKLAME
Internettsida for deg med ein viss interesse innan elektronikk. Eg reknar difor med at ingen som besøker denne bloggen har, på noko som helst nivå, bruk for lenkja. Men eg legg den ut her likevel, då eg har sagt meg villig til å samarbeida med å utvikle denne wikien. Er du ikkje interessert i elektronikk seier du? Vel, då sprer du lenkja til din næraste granne, ven, kjæraste eller familie, saman med bodet om at dei skal spre det vidare. Dette vil, eller må håpar at dette vil, medføre ei grassal og grusom auking i antall besøkjande på wikien, og då gjerne ei auking i innhald.
November 14th, 2006 at 23:40
For eit fint namn. Hadde eg funne den lenka liggjande på verdsveven, ja då hadde eg nok tenkt på elektronikk med ein einaste gong.
November 14th, 2006 at 23:45
Eg fråseier meg alt ansvar når det gjeld namn. Dette har truleg med Vidar si eksistarande vevside å gjere. Og økonomi.
November 15th, 2006 at 22:31
heiehei:) tusen takk for det!:)
dåke har rar humor
tøft
November 15th, 2006 at 23:13
Takk for reklamen
Eg trur nok den wikien skal komme seg på føttene, iallefall om vi får med brøkdelen av dei som er interesserte i emnet…