Ei trist historie frå røynda

Breathe, breathe in the air

Om du trur du skal få lesa noko morosamt no, så får du tru om igjen. Dette er ikkje anna enn ei hjarteskjærande historie som faktisk har hendt. No nettopp.

Av Daniel

Møt Roger. Roger er ein mann med grått hår, som driv litt med veggarbeid, prismer og store runde kuler med ei skuggefull bakside. Han likar å haike, sjå på TV og sjå på kyr, og han er fast overbevist om at grisar kan fly. Eg trur han berre har tatt ein sigar for mykje.

Uansett, sist me møtte Roger gjorde han dette:

Viking-Roger

Biletet er teke i Stavanger, der me (eg og Joakim) tilfeldigvis møtte han ved eine kortsida på Viking Stadion. Her hadde Roger teke med seg bassgitaren sin og eit par vener, og medan me var der spelte han ein song og to. Han var berre på gjennomreise, så me kunne ikkje henga med meir enn eit par timar, men me avtalte at me skulle møtast igjen i Bergen 29. april 2007. Grei avtale, tenkte me, og laga oss ein liten hugselapp:

Hugselappen vår.

Men, det var jo for godt til å vera sant. Ved eit uhell mista me hugselappen vår ned i sluket og ut i det store havet som er internett, og sjølv om dei ikkje akkurat er dei største datanerdane, klarte vår erkefiende, Husnes Prestegjeld, å finna ut kva slags avtale me hadde med Roger.

Ein erkefiende si store oppgåve er å øydeleggja for den han er erkefiende for. Husnes Prestegjeld plar å ta oppgåvene sine seriøst, så dei fann på ein grusom plan, og som vanleg ramma dei gjennom familien. Offera denne gongen vart våre søsken, Maaike og Aleksander:

“Gudstenesteplan for 1. halvår 2007 for Husnes prestegjeld:
29.04 - Husnes - Konfirmasjonsgudsteneste”

Såh, slik kan det gå. Roger kjem, men me gjer ikkje. Og medan han syng for full playback om “The Dark Side of the Moon”, et me oss mette på konfirmasjonsmat medan me kastar småmisunnelege blikk mot gåvebordet. Eg trur nok Roger slengjer inn ein ekstra “Wish you were here”.

There is no dark side of the moon, really. As a matter of fact, it’s all dark.

5 Responses to “Ei trist historie frå røynda”

  1. Joakim Says:

    No er det nok. Dette er uakseptabelt. Krig, seier eg! Heilag krig!

  2. HenrietteMedFletter Says:

    gurimalla!
    så urettferdigt!
    her komme minussido med småsøsken fram! xP

  3. Eiliv Says:

    Hm. Dette vil sei at du er fri Kongepark-helga? Look at det bright side of the moon!

  4. Daniel Says:

    Kongeparkhelga er helga etter. Eg var livredd for konfirmasjonen då eg bestilte dei billettane og:P

  5. Viljar Says:

    Uakseptabelt at det var når 2BYTØA er på Spaniatur! Ville besøke Roger!

Leave a Reply