Møt Ole, nødrimets venn

Ein dag kom lille Ole inn og sa:
“Mamma, eg fant et lik i hagen!”
Mora sa til Ole: “Da va bra du sa!
Tenk, han har visst logge heile dagen!”

Av Daniel

Liket det var råttent, gjennomvått av blod
Skallen var blitt knust, han mangla kjeve.
“Heisann!” utbraut mora, “det er naboen vår jo!
Typisk han å døy, men la oss streve!”

Så tok dei til med arbeidet, å flytta liket bort
Men det var ikkje lett, han var ein kraftkar
“Nei du og du,” sa mora, “Det var lettare sagt enn gjort”
Men Ole sprang av stad, han visste nok svar.

Då Ole så kom heim igjen vart mora imponert
Ho tenkte: “Ole får nok ein nobelpris”
For smartare ide hadde ho aldri sjølv prestert
Ole hadde med seg ein enorm gris.

Mens grisen tygde innvollar vart Ole fascinert
“Lure på koss menneskekjøtt smake?”
Men før han rakk å teste vart han hurtig likvidert
Grisen ville visst ha rubb og rake.

No var både naboen og Ole godt fordøyd
På bakken låg det tårer, blod og svette
Grisen var blitt stappmett, og mora var fornøyd
Endeleg ein munn mindre å mette.

21 Responses to “Møt Ole, nødrimets venn”

  1. Blyfrid Says:

    Du skremme meg. Hjelp.

    Stor bokstav i navn.

  2. Joakim Says:

    Du e faenmeg sjuk, Daniel.

  3. Sverre Says:

    Sånn er det å bo i Afrika.

  4. Harald Says:

    Men kvar tok grisen vegen etter måltidet?
    Noko får meg til å tru at du har skaffa inspirasjon frå ein film, stemmer dette?

  5. Harald Says:

    Og ein ting til…
    Eg merkar ein kjemi mellom grisen og mora, eller er det min ville fantasi og mine løpske følelser som spelar meg eit nytt puss?

  6. Daniel Says:

    Det heiter kjensler.

  7. Snorre Says:

    Vel, eg synast det har vore litt lite skriving her i det siste.

    Men eg føler att dette er liksom bare ein “filler”, er det noko stort i vente?

  8. Daniel Says:

    Eg føler at du trur me har nokon som helst plan for sida. Det har me ikkje.

  9. Snorre Says:

    Ok…
    *skuffa*

  10. Joakim Says:

    Daniel lyg. Me har store visjonar om utvikling. Innan få år har me truleg verdsherredøme.

  11. HenrietteMedFletter Says:

    woow! xO
    Ole, my hero er død :O

    fresten..tanken om verdensherredømme var god!
    får eg vær med? :D

  12. Daniel Says:

    Nei.

  13. Joakim Says:

    Du kan få bli husmor. Det er det einaste kvinner duger til.

  14. HenrietteMedFletter Says:

    Eg viil :O
    Eg går ikkje elektro for å bli husmor ;)
    Da får dåke ta dåke av xD

  15. Daniel Says:

    Ikkje i vårt verdensherredømme. Om da e elektrikar du vil bli, så får du finna deg ein annan planet.

  16. Joakim Says:

    Ulike hendelsar i løpet av kvelden har medført at Daniel no må endre frå “finna ein annan planet” til ein annan galakse. Våre traktatar har vorte utvida.

  17. Oddbjørn Kloster Says:

    Hei, Daniel!
    Dette var eit viktig og inspirerande dikt…
    Takk!

  18. Daniel Says:

    Berre hyggjeleg. Det er faktisk ein song. Om du er heldig får du kanskje høyra han ein gong.

  19. HenrietteMedFletter Says:

    gurimalla!
    eg vil vær med å overta verden!
    jaha..eg får finna opp min egen verden!
    kom å besøk meg! :D
    å misunn min 80-talls verden

  20. Serafino Raimondo Says:

    oh,when you took my arm, that’s when we fell apar. Serafino Raimondo.

  21. Masood Garfield Says:

    damn all these beautiful gir. Masood Garfield.

Leave a Reply