Vår ferie i Kongo

Hei og hopp!

Mange har sikkert lurt på kva for noko lurt me gjorde på i haustferien vår. Det er eigentleg litt rart at Joakim ikkje har skrive det enno, for han var heilt i ekstase over bileta han tok og blomane han fann. Me reiste nemlig saman til Kongo, eit spanande land med eit fantastisk dyre- og planteliv.

Av Daniel

Visste du for eksempel at

  • Kongo ligg i Afrika?
  • hovudstaden i Kongo heiter Kinshasa?
  • det bur 31337000 menneske i Kongo?
  • det er vanleg for menn å ikle seg dameklede i Kongo?
  • Kongo har 53% menn og 47% kvinner?
  • 47% av befolkninga er arbeidslause?
  • Kongo er det einaste landet i verda som ikkje har sol?

Alle desse spanande punkta fekk me oppleva på turen vår. Du som er fast gjest på sida vår veit sjølvsagt kven me er, men av hensyn til de som berre slentrar innom skal eg no presentera deltakarane:

deltakarane
Eg poserer villig for kamera, medan Joakim er opptatt med å klamra seg til sitt eige som han har teke med seg før fotograferinga. Den sniken.

Fakta om meg:

  • 18 år
  • Bur på Stord
  • Samlar på pannebånd og er aktiv innan fotballen
  • Har vore i Kongo

Fakta om Joakim:

  • Det same, berre at han ikkje blir 18 før nyttårsafta, han bur på Kaldestad og er ute av fotballen midlartidig grunna skeiv nase. Denne skal rettast.
  • Har vore i Kongo

Så til sjølve turen. Me drog ut på morgonkvisten måndag med Alken, båten til Joakim, og var sjølvsagt i perlehumør. Me skulle jo til Kongo, og som ordtaket seier: “Når til Kongo turen går, er det latteren som rår”. Det er så sant som det er sagt, for jammen var me ikkje i godt humør heile vegen.

Litt over eitt same dag merka me at me nerma oss. Det vart mørkare, eit sikkert teikn. Kongo har nemleg, som nemnt før, ikkje sol. Det er mørkt i Kongo, veldig mørkt, men me såg lyst på det. Joakim hadde nemlig med seg ein kaggje med blitz, så lys til å ta bilete med hadde me nok av.

Om lag klokka to nådde me kysten. Kongo har lange fine strender med nok av sand, men turistane held seg unna. “Utan sol er det ingen som kan sola seg, og når dei ikkje kan sola seg vil dei heller ikkje liggja på stranda”. Dette seier guiden vår, n’Dani, ein hyggjeleg kar med hårbøyle og øyredobbar. Desse plagga er ein del av uniformen hans som guide, eit yrke 53% av befolkninga i Kongo har. Det er berre menn som kan vera guidar. Til dagleg arbeidar n’Dani i det lokale guidebyrået n’Guide, som guidar titusenvis av Kongolesarar og turistar kvar dag. Med dette er dei eit av dei største guidebyråa i landet.

n'Dani
Vår guide n’Dani jobbar for n’Guide, eitt av dei største guidebyråa i Kongo.

Joakim fylte godt opp med blitz før me gjekk frå båten, så me skulle vera sikre på å ikkje gå tomme. No gjekk me innover i landet. n’Dani sa han ville ta oss med på ein spanande, men rask rundtur til dei viktigaste plassane. Me skulle berre vera til kvelden, så me ville ikkje nå å sjå alt, då måtte me minst trengt eit par dagar. Kongo er nemlig ganske stort, faktisk større enn Stord. Faktisk.

Først viste n’Dani oss det spanande og rike dyre- og plantelivet. Absolutt alle levande vesen i Kongo er enten heilt sjølvlysande eller har kroppsdelar som er det. Dette er fordi alle levande vesen treng lys, og viss ikkje sola vil fiksa det, ja så fiksar dei det heller sjølv. Joakim vart sjølvsagt fascinert, og med sine pr0 ph0t0sk1llz brukte han opp nær to tredjedelar av blitzen me hadde med oss på å ta bilete av alle blomane. Resultatet vil han nok offentleggjera på internett ganske snart.

ku
Denne kua er det dyret med dårlegast lyseevne i Kongo. Den har berre sjølvlysande auge, og i staden for å utvikla meir fornuftige eigenskapar gjekk ho heller for gule plastøyre. Om min venn Charles D. får viljen sin, så lever ho nok ikkje lenge.

Då me spurde n’Dani om kva for ein del av han som var sjølvlysande, vart han raud i ansiktet og nekta å svara.

Nærmare femtida kom me fram til det som skulle bli vårt mål for reisa; rådhuset i Kongo. Her sa me farvel til n’Dani før me rusla tilbake til stranda og tok Alken heim att. Men før me gjorde det brukte me opp resten av blitzen. Resultatet ser du her:

Kongo rådhus
Fotografisk bevis på at me nådde heilt fram. Ei fantastisk oppleving!

No er me altså vel heime igjen, og eg har berre gode minne. Kongo er eit fantastisk land, så viss du lurer på kva du skal gjera ein dag du har fri: dra til Kongo! Viss du vil vekk frå sol og ikkje-sjølvlysande levande vesen ein dag: dra til Kongo! Alt i alt: DRA TIL KONGO!

Terningkast: 5

10 Responses to “Vår ferie i Kongo”

  1. Joakim Says:

    Dette var ein kjekk tur. For oss med rødt hår og fregner er kongo den perfekte feriestaden.

  2. ivioumarskjø Says:

    dere har ikke så mye å ta dere til, dere to?

  3. Daniel Says:

    Jo. Me drar jo til land langt borte!

  4. HenrietteMedFletter Says:

    guu’!xD
    eg få væra med neste gong^^

  5. Linda Says:

    Eg dør. Alt eg har å sei. Ord kan ikkje beskriva mine kjensler.
    Takk!

  6. Joakim Says:

    Det er like greit, Linda. Kjensler har ingen effekt på Internett.

  7. Kristian Says:

    Fi flade gutar, dette er jo helt villt. Jeg kjenner så verdensvante folk!

  8. helk Says:

    Det IvIoyner sa.

  9. Snorre Says:

    herlig!

  10. HenrietteMedFletter Says:

    så fantaastiskt!:D

Leave a Reply