Skuletur - Ein rundtur med HSD

Me møter opp i klasserommet. Som vanleg. Alle kjem for seint. Som vanleg.
Læraren er kort og klår, som vanleg: “Tur til MATRE. SKL. ENERGIVERK. Fredag. Transport ordnar de sjølv.”

Okay, kult. Skuletur.

Så me byrjar å sjekke ruter. Ettersom at ingen i klassen har lappen må me ta buss og ferje. Ei grei ordning. Trudde me. Så viser det seg at det ikkje er tilfelle.
Eg må nemleg ta ein buss som går herifrå skikkelig drittidlig. Eg meiner, det er så tidlig at ingen tør tenkje på det. Deretter må eg stå på Utåker og vente på ferja ei god stund. Ok, greit nok.
Så kjem problemet:

Ferja kunne unnagjort turen på femten minuttar. Utåker - Matre er ei kort strekning. Det er desverre ikkje planen til HSD. Først må me bli med på ein tur til Skånevik. Utåker - Skånevik - Matre. Nesten ei time på ei ferje frå tidlig 70-tallet. Eg kjenner eg gler meg allerede.

Så er det heimreise. Då ligg det jo i naturen at ferja framleis går på same måten. Utåker - Skånevik - Matre osv. Men neida, då snur alt. Matre - Skånevik - Utåker. Så er det buss igjen.
Vedlagt bilde forklarer.

Tre ganger hurra for hsd.

5 Responses to “Skuletur - Ein rundtur med HSD”

  1. Daniel Says:

    Hurra.

  2. ivioumarskjø Says:

    dette minner meg om en ragnar hovland-roman

  3. malene Says:

    haha :p

  4. HenrietteMedFletter Says:

    hurra!

  5. Malin Says:

    har du tegnet strekene selv? :o

Leave a Reply